Sommarvikarar i heimeteneste for funksjonshemma 2021

Vi søkjer etter sommarvikarar for våre tenester. Vi ynskjer oss sjukepleiarar/vernepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar og studentar, eller andre med erfaring frå/interesse for arbeid med funksjonshemma. Andre kan og søkje. Søkjarar over 18 år vil bli prioritert. Vi oppmodar studentar innan helse til å søkje.

Heimeteneste

  • Avlasting: arbeid med tilrettelagde tenester til barn og unge
  • Heimeteneste for vaksne funksjonshemma
  • Personleg assistent teneste

Du kan gjerne skrive i søknaden kva for område du ynskjer å arbeide i. Arbeidstid etter gjeldande turnus med arbeid i inntil annankvar helg. Primærarbeidsperiode frå veke 26 til og med veke 33. 

Opplæring vil bli gjeve. Nye vikarar blir kontakta og invitert på besøk før oppstart.

Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato for alle sommarvikarar.

Spørsmål om stillingane kan rettast til Gudrun Teigen  mobil 95982598.

Søknadsfrist 14. mars 2021

Kommunedirektøren

Kontakt

Gudrun Teigen
Tenesteleiar, Heimetenesta
Telefon 61 21 71 61
Mobil 959 82 598