Sommarvikarar i pleie- og omsorgstenesta 2021

Vi søkjer etter sommarvikarar for våre tenester. Vi ynskjer oss sjukepleiarar/vernepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar og andre som har erfaring frå tilsvarande arbeid innan pleie og omsorg, men andre kan og søkje. Søkjarar over 18 år vil bli prioritert. Vi oppmodar studentar innan helse til å søkje.

Aktuelle tenester

  • Pleieavdeling
  • Kjøken
  • Heimesjukepleia
  • Praktisk bistand (heimehjelp)

Du kan gjerne skrive i søknaden kva for område du ynskjer å arbeide i. Arbeidstid etter gjeldande turnus med arbeid i inntil annankvar helg. Primærarbeidsperiode frå veke 26 til og med veke 33. 

Opplæring vil bli gjeve. Nye vikarar blir kontakta og invitert på besøk før oppstart.

Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato for alle sommarvikarar.

Spørsmål om stillingane kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.  

Søknadsfrist 14. mars 2021

Kommunedirektøren

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar institusjon og heimetenesta
Telefon 61 21 71 88
Mobil 489 97 924