VELKOMEN TIL DIGITAL SENIORDAG 11. NOVEMBER

Klikk for stort bildeFyller du 60 år i 2020 eller tidlegare er du velkomen til kommunestyresalen onsdag 11. november 2020 kl. 13.00-15.00

VELKOMEN TIL DIGITAL SENIORDAG 2020

Fyller du 60 år i 2020 eller tidlegare er du velkomen til kommunestyresalen onsdag 11. november 2020 kl. 13.00-15.00

KLP orienterer PÅ STORSKJERM / VIA TEAMS om tenestepensjonsordninga. 

Grunna Covid-19 vil vi be om at den som kan, deltek via eigen pc heime eller på kontoret slik at det ikkje blir for mange på kommunestyresalen, (vi set ei grense på 20 stk). 

Det er langt fram til pensjonsalder for mange av dykk, men det kan vere nyttig å setja seg inn i moglegheitene i god tid før ein skal ta ei så viktig avgjerd. 

Målet er at alle skal få svar på pensjonsspørsmåla dei har. Dersom det er nokon som har behov for individuelle samtalar med Wenche Westby frå KLP etterpå, så blir det mogleg å melde seg på etter fellesgjennomgangen. Samtalane vil gå føre seg på telefon grunna korona. 

  • For å få best mogleg utbytte av kurset vil vi be deg om å logge deg på «Min side» på klp.no før kurset.
  • Påmelding til seniordagen innan 06. november 2020 til servicetorget, telefon 61217000.
  • OBS! gje beskjed om du deltek via teams eller ønskjer å møte på kommunestyresalen.
  • Alle som skal delta via teams må oppgje epostadresse ved påmelding. Det vil bli sendt ut lenke for pålogging i forkant opplegget den 11. november.

Også lærarar er velkomne til den generelle bolken. 

Om det er spørsmål vdr. opplegget, ta kontakt med personalkonsulent på telefon 997 56 690, elin.bakke@skjaak.kommune.no.

VEL MØTT! 
 

Kontakt

Elin Bakke
Personalkonsulent
Telefon 61 21 70 00
Mobil 997 56 690