Tenesta er eit tilbod til menneske som av ulike grunnar har vanskar med å utføre daglege aktivitetar, eller som står i fare for å få det.
Tenesta held til i administrasjonsfløyen på Skjåkeimen. Ein treng ikkje henvising og tenesta er gratis.
Arbeidsoppgåver til ergoterapeuten er mellom anna:
• Rehabilitering på institusjon
• Vurdering og trening av ferdigheiter for heimebuande
• Kvardagsrehabilitering
• Tilrettelegging av bustad
• Kompenserande tiltak med tekniske hjelpemidlar.
Hjelpemiddelkontakt og ergoterapeut er kontaktpersonar for formidling av rørslehjelpemiddel for nav hjelpemiddelsentral.
Hjelpemiddelkontakten har ansvar for:
• Formidling av hjelpemiddel for syn og høyrsel.
• Formidling av hjelpemiddel frå nav Hjelpemiddelsentral
• Kortidsutlån frå kommunalt hjelpemiddellager
Skal du søke om synshjelpemiddel må du levere rapport fra augelege eller optiker som stadfestar behovet for synshjelpemiddel.
Hørselskontakta har ikkje noko med høyreapparat å gjere, men kan bistå i forhold til tekniske hjelpemidlar utover det.