Covid-19 info
Fysioterapien er ope, men det er stramma inn på rutinane bl.a. for eigentrening på salen. Skal du eigentrene må du registrere deg i skjemaet som ligg utanfor kontoret inne på fysioterapiavdelinga og vi har satt ei grense på to personar (som eigentrenar) samtidig.
Hugs å pass på at du held 2 meter avstand til dei andre i lokalet, at du har reine hender og spriter over kontaktflater på treningssalen. Minner også om at alle besøkande skal være symptomfrie. Har du spørsmål ta kontakt på tlf 90506257 eller 90368940
Skjåk fysioterapi
Fysioterapi består av helsefremjande og førebyggande arbeid. Målet er gjennom kartlegging, trening og behandling å oppnå best mogleg funksjon i samband med skade eller funksjonssvikt. Fysioterapeutar behandlar enkeltpersonar i alle aldrar, men kan også jobbe helsefremjande og førebyggande mot enkeltpersonar, grupper og på samfunnsnivå.
Frå den 1. januar 2018 treng ein ikkje tilvising frå lege for å få trygderefusjon hjå fysioterapeut med kommunal avtale. Det vil være eigenandelar for behandling etter fastsette takster for alle utanom born under 16 år og personar som får behandling for godkjend yrkesskade. Du vil automatisk få frikort 2 når eigenandelstaket på kr 2176,- er nådd.
Tenesta består per 1. mai 2020 av tre fysioterapeutar fordelt på 2,5 stillingar, og vi held til i lokalar på kommunehuset. Lokalane har eigen treningssal som er ope for eigentrening etter avtale med fysioterapeut mellom 08.00 og 15.00 med unntak av når det haldast grupper. Sjå oppslag utanfor salen.
Sjå menypynkt øvst; Praktiske opplysingar for brukarar av fysioterapitenesta i Skjåk kommune.