Praktiske opplysingar

Praktiske opplysingar for brukarar av fysioterapitenesta i Skjåk kommune

  • Frå den 1. januar 2018 treng ein ikkje tilvising frå lege for å få trygderefusjon hjå fysioterapeut med kommunal avtale.
  • Det vil være eigenandelar for behandling etter fastsette takster for alle utanom born under 16 år og personar som får behandling for godkjend yrkesskade.
  • Du vil automatisk få frikort når eigenandelstak 2 på kr. 2085,- er nådd. Frikortet må visast til din fysioterapeut. Rekning frå kommunen/fysioterapeut vil bli sendt undervegs og etter avslutta behandling.
  • Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan gå, køyre eller ta offentleg transport til fysioterapien kan fysioterapeuten bestille transport via pasientreiser. Eigenandeler til reiseutgifter omfattas av eigenandelstak 1.
  • Om du har ein reiseveg på over 10km kan du søke om dekking av reiseutgiftene. Sjå pasientreiser.no eller ring 05515 for meir informasjon. Du finn også skjema for innsending av kravet på fysioterapien.
  • For avtalt time som ikkje nyttast, kan du krevjast for inntil honorartakst om du ikkje avbestiller innan kl 14:00 arbeidsdagen før.
  • Til behandlingstimen må du ha med eit laken og eit handkle. Skulle du ha behov for eingongslaken er prisen 10,-.
  • Vi har ikkje ansvar for verdisakar du måtte ha med hit.
  • Treningssalen er ope for eigetrening etter avtale med fysioterapeut mellom 08:00 og 15:00 med unntak av når det haldast grupper. Sjå oppslag utanfor salen for oppdatert oversikt over tidspunkt.
  • Når behandlinga avsluttast har vi ei plikt til å sende epikrise til fastlege ( evt. tilvisar) om du ikkje motset deg dette.