Ynskjer du time hjå oss?Til tross for direkte tilgang vil vi i periodar ha ventetid og denne kan variere frå veke til veke. Direkte tilgang gir deg moglegheit til å sjølv bestemme om du vil oppsøke fysioterapeut direkte eller om du ynskjer å gå via fastlegen fyrst. Oppsøker du oss direkte er det fysioterapeuten som vurderer behov for behandling. Om du treng akutt medisinsk hjelp/vurdering må du oppsøke lege. Ynskjer du time kan du fylle ut skjemaet vedlagt på denne sida eller kome innom kontoret vårt for å fylle det ut. Vi prioriterer hastegrad etter fastsette kriterium og treng derfor opplysingar om kva du søker hjelp for. Sidan vi ofte er opptekne med pasientbehandling er det ikkje alltid nokon tilgjengeleg på kontoret og skjemaet kan også leverast i servicetorget. Skjemaet skal ikkje sendast per e-post grunna sensitive opplysingar. Bestillingsskjema (PDF, 20 kB) Publisert20.06.2018 15.24 Sist endret21.06.2018 10.29