Førebyggjande helsesamtale

Klikk for stort bilde

Førebyggjande helsesamtale


Skjåk kommune vil bidra til at alle eldre i kommunen kan leva gode, sjølvstendige liv og gå ein aktiv og trygg alderdom i møte. Vi ynskjer difor å invitere alle over 75 år til ei samtale der vi tek opp kva som er viktig for deg no og i åra framover.

Vi ynskjer å bistå med råd, veiledning og informasjon som kan ha betydning for din kvardag, helse og livskvalitet. Du kan få informasjon om kommunen sitt offentlege og private tilbod. Dersom du har spørsmål og ynskjer prøver å vi å hjelpe deg.

Du treng ikkje vera sjuk eller ha behov for tenestar for å ta imot besøk. Ting vi kjem innom i samtala er trivsel, kosthald, tilrettelegging, bustad, fallførebygging og meir. Du er så klart velkomen til å ta opp de emna du ynskjer.
Tilbodet er sjølvsagt frivillig og den som kjem har teieplikt. Besøket blir kort dokumentert i etterkant.


Håper du har lyst og anledning til å ta imot dette tilbodet. Ta kontakt så finn vi tid og sted!

 
Venleg helsing
Margrete Morken
Mobil: 986 59 134  

E-post: margrete.morken@skjaak.kommune.no