Smittestatus
Den siste veka er 2 nye personar stadfesta smitta med korona i Skjåk kommune. Dei smitta er isolert i eigen heim, og følgast opp av kommunens koronateam.
Til info så vil status for smittesituasjonen i Skjåk kommune blir oppdatert kvar fredag. Ved større utbrot eller andre hendingar vil Skjåk kommune informere oftare. Men på normale dagar/veker blir det kun ein statusoppdatering per veke. (Gjeld i fyrste omgång ut året 2021). Vi følgjer smittesituasjonen tett, og dersom smitta auker vil vi om naudsynt innføre målretta smittevernstiltak i kommunen.
Sjå også dei nye nasjonale råda frå regjeringa 2. desember. Endringa innfører reglar om isolasjon, karantene og test ved påvist smitte av virusvarianten omikron.
Dei andre nye kontaktreduserande tiltaka er:
- Hald avstand. Minimum ein meter, og bruk munnbind der det er mykje folk . Dropp handhelsinga og klemming, bruk olbogen!
- Anmoding om bruk av heimekontor utan at det går ut over viktige og nødvendige tenesta i samfunnet. Arbeidsgjevarar legg til rette for utvida bruk av heimekontor, heile eller deler av veka.
- Reduser antall nærkontaktar. (Dette gjeld fyrst og fremst vaksne.)
- Anbefaling om bruk av munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta. (legekontor, Skjåkheimen, osv)
- Det er også ei nasjonal anbefaling om bruk av munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halde avstand (1 meter).
Skjåk kommune forheld seg til dei nasjonale retningslinene når det gjeld arrangement, og per nå er det difor ikkje begrensningar.
Testing og testalternativa i kommunen
Vi ber samstundes om at innbyggjarane i Skjåk har låg terskel for å teste seg ved utvikling av luftvegssymptom.
- Teststasjon (PCR-test): på Skjåk legekontoret måndag til fredag kl 10. Du må ringe 61 21 71 00 for bestilling av time
- Hurtigtest: Hurtigtestar kan kjøpast her. For dei som testar positivt på hurtigtest skal dette innrapporterast på telefon til legekontoret i opningstida. Minner om at alle som har tatt ein positiv heimetest eller får symptom etter at ein har vore i nærkontakt med ein smitta må ta kontakt med legekontoret og ta ein PCR-test
Skjåk kommune oppfordrar innbyggjarar til at ein i hovudsak vel å ta ein PCR-test når ein skal teste seg for koronavirus, då dette er den mest følsomme testen. Forskning syner at hurtigtestane er positive hjå 44 - 95 % av dei smitta. Kor god testen er vil og vere avhengig av testtidspunktet, og kor mykje virus ein har i luftvegane. Det er størst sjanse for å få eit rett svar på ein hurtigtest dersom ein testar seg same dag som symptoma startar. Les meir om testing.
HUGS: Sjølvtestane tåler ikkje minusgrader. Produkta bør derfor ikkje oppbevarast utandørs. Hurtigtestar/sjølvtestar tåler berre temperaturar mellom 2-30 grader.
Det aller viktigaste nasjonale smitteverntiltaket er vaksinering. Dette har høgaste prioritet i heile landet. Det er aldri for seint å ta 1 eller 2 dose, og vi oppmodar på det sterkaste alle å vaksinere seg.
Les også:
FHI sine råd til nærkontaktar og smittakarantene
Koronasmitte etter landbruksmesse
Les også om vaksinering dose 3
Regionale tiltak på grunn av omikronvarianten