Serviceerklæring for pleie- og omsorgstenesta

Klikk for stort bilde

Verdigrunnlaget vårt: AKTIVA

  • Aktivitet- aktivitet for alle. Tilbod om tilrettelagde aktivitetar for alle brukargrupper
  • Kvalitet- i tråd med vedtekne kvalitetsstandardar og nasjonale retningsliner
  • Tryggleik- forutsigbare tenester i tråd med vedtak
  • Involvering – medverking frå brukar og pårørande legge til rette for godt samarbeid
  • Verdigheit- respekt, toleranse og empati -alle bebuarar/brukarar skal bli sett som einskilde individ
  • Arbeidsmiljø - lojalitet i høve til tiltak og vedtak for å oppnå likeverd.

Du kan forvente av oss at vi skal:

• Respektere, sjå og høyre deg som brukar
• Yte tenester i tråd med vedtak, som vert evaluert ved endring i hjelpebehov
• Yte tenester i tråd med kvalitetsstandarane for Pleie og omsorg
• Yte tenester i tråd med prinsippet om best effektive omsorgsnivå
• Respektere teieplikta
• Halde avtaler vi har gjort om når tenesta skal utførast
• Gje beskjed på førehand om endringar i høve til det vi har avtalt

Dette forventer vi av deg:

  • At du utfører oppgåver du sjølv kan klare
  • At du respekterer vår teieplikt
  • At du sjølv vil leggja til rette for at du kan bu heime, og vil nytte tilgjengelege hjelpemiddel
  • At du gjev beskjed om endringar i høve til det som er avtalt