Kriterier for tildeling av omsorgsbustad

Ein omsorgsbustad er einfellesnemning på bustader som i sin utforming har ulike tilpassingar, som skal bidra til at bebuarane i større grad skal kunne meistre sin kvardag på ein tilfredsstillande måte. Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilrettelagt for orienterings- og rørslehemma. 

1.    Det må føreligge ein skriftleg søknad.
2.    Søkjar har behov for eit trygt bumiljø.
3.    Søkjar har behov for tilrettelagt bustad i forhold til funksjonshemming slik at han/ho kan oppretthalde evna til  sjølvhjelp og derfor ha eit mindre behov for hjelp til daglegdagse og praktiske gjeremål.
4.    Søkjar har eit omsorgsbehov, og spesielt behov for nærleik til tenestetilbodet.
5.    Det blir forventa at søkjar kan ha eit leigeforhold over tid.
6.    Søkjar må vere heimehørande i Skjåk.
7.    Søkjar sin nåverande bustad må vere vurdert i forhold til han/ho sitt funksjonsnivå.
8.    Bustadsforvaltningsnemda skal kunne vurdere behov for bustad til den enkelte opp mot <lei bustadane ein har til disposisjon, slik at bustadane kan bli nytta til det beste for den enkelte og slik at kommunen har høve til å yte best mogleg tenester. Likeeins å vurdere behovet for bustad for pasientar på Skjåkheimen som ikkje kan greie seg i eigen bustad, men som vil kunne fungere i tilrettelagt bustad.
9.    Ved tvil om behovet for omsorgsbustad, skal ein nytte IPLOS-kriteriar som eit ledd i vurderinga av tildelingsgrunnlaget(IPLOS er eit kartleggingsverktøy for vurdering av fysisk og psykisk funksjonsnivå hjå brukarar).

Tilbod om omsorgsbustad er ikkje lovpålagt, men i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenesteloven m.m. § 3-7 står det: