Informasjon frå diverse Helsetenester

Tannlege

  • Den offentlege tannhelsetenesta er stengt for vanleg teneste, men er telefonbetjent for spørsmål og bistand ift. eventuell akutt hjelp. For meir informasjon kan du ringe, telefon 61 21 40 14. (telefontid følgjer normal opetid for klinikken)
  • Tannlege Torstein S.Ytre er i drift igjen. For kontakt, ring: 901 15 251

Fysioterapi

  • Drift ved Skjåk fysjoterapi

    Drifta ved Skjåk fysioterapi har gradvis blitt trappa opp etter at vi fekk klarsignal om å opne 20.april, etter at bransjestandard for smittevern for helseverksemder med 1-1-behandling var klar.
    Vi har dei siste vekene jobba med å ta kontakt med dei som gjekk til oppfølging hjå oss da vi vart stengt, i tillegg til at vi fylgjer opp nye hendvisningar. For tida har vi noko redusert kapasitet, men frå juli kjem Ingvild Visdal Aukrust som skal være vikar for Margrete Morken Bøye som er i foreldrepermisjon. 

    Som elles i samfunnet har vi fokus på god handhygiene og overheld i hovudsak avstandsregelen på 1 meter. Når vi må nærmare for å gi nødvendig behandling, har vi fokus på korleis vi plasserer oss i forhold til avstand ansikt til ansikt med tanke på dråpesmitte. Ein skal heller ikkje møte opp til time om ein har teikn på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

    Vi er glade for å kunne være i meir normal drift igjen!
    Om du ynskjer å nå oss oppmodar vi til å ta kontakt per telefon eller e-post. Hugs å ikkje gi opplysningar som er sensitive på e-post.

    Jorun Sperstad- Fjeld
    Jorun.sperstad.fjeld@skjaak.kommune.no
    90506257

    Elisabeth Chr. Lunde
    Elisabeth.Lunde@skjaak.kommune.no
    90368940