God Påske til alle tilsette i Skjåk kommune

Klikk for stort bildeIvar Bø. Kommunedirektør i Skjåk 

God Påske til alle tilsette i Skjåk kommune

Denne påska blir spesiell for dei fleste av oss. Koronaviruset har snudd heile tilværet på hovudet og dei siste vekene har vore annleis og krevjande for oss alle saman. Det er mykje som tyder på at vi stort sett følgjer og utøver dei nasjonale retningslinjene for smitteverntiltak godt. At kvar og ein av oss følgjer tiltaka, er uvurderlige bidrag til å hindre at smitten spreier seg. Når vi utfører god handhygiene og held oss mykje heime og vekke frå andre, er vi faktisk med på dugnaden. – Tusen takk for at du bidreg!
 
Pandemien vi står midt oppe i gjev oss stadig nye utfordringar, og vi må drive delar av kommunen på nye måtar. Eg er imponert over den fleksibiliteten og engasjementet dykk alle har synt så langt i denne vanskelege situasjonen. Vi har alle ei bratt læringskurve innan mange felt, ikkje minst når det gjeld digital kunnskap får vi prøvd oss nå. Mykje av dette går veldig bra, og vi ser at vi kan ha møter/drive skule etc. utan å møte kvarandre fysisk. Kriseleiinga har jamlege møte, og viktig informasjon vert lagt på heimesida, eg ber dykk difor framleis om å følgje med der kvar dag. Vi har også lagt opp til faste møte med hovudtillitsvalde og hovudverneombod.
 
Det har vore behov for å omdisponere personale til tenester som har mangel på folk, og dette ser ut til å ha fungert godt. Alle som ikkje har konkrete oppgåver i forhold til helse/omsorg/oppvekst og andre sentrale samfunnskritiske oppgåver, må vere budd på at dette kan skje på kort varsel også i tida framover. I tillegg til å omdisponere tilsette har vi lagt ut eit skjema der friviljuge som ynskjer å hjelpe til kan registrere seg. Så langt er det rundt 20 som har meldt seg som interessert. Dette er både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, lærarar, ambulansearbeidarar og andre yrkesgrupper. Desse kan bli svært verdifulle for oss i vekene framover om situasjonen skulle bli krevjande med mange sjuke i Skjåk. Vi har ei fortløpande vurdering på når, og evt. kven av desse, vi vil setje inn i både ordinære oppgåver og meir frivillig arbeid av ymse art.
 
Skjåk tok tidleg tak, og vi har klart å oppretthalde naudsynte funksjonar. Vi kan få ein situasjon der vi må prioritere kva for oppgåver vi må løyse og kva vi må setje på vent, og vi må difor alle vere førebudd på å få nye oppgåver og løyse utfordringar annleis enn vi gjer til vanleg.
 
Påska i år vert diverre annleis for oss alle, og det er svært viktig at vi held fram med den gode trenden og set smittevernstiltaka som er innført dei siste vekene i førarsetet. De som er friske og utan luftvegssymptom – Ver aktive og ver ute, men hald dykk mest mogleg vekke frå andre enn dei som er i same husstand som deg sjølv.
 
Hugs retningslinene:
  • Fleire enn 5 personar skal ikkje være saman i ei gruppe
  • Dette gjeld for aktivitet og opphald i parkar, på turstiar, i ballbingar og på utandørs idrettsanlegg
  • Alle må sørge for å ha 2 meters avstand til andre menneske
  • Hald fram med gode rutiner på handvask - vask hendene hyppig og grundig.
  • Når vi handlar, tek vi ikkje med heile familien – ein person er nok.
Heilt til slutt ynskjer eg å takke alle for den jobben de gjer til nytte for innbyggarane og samfunnet vårt nå. Eg ynskjer spesielt lykke til for alle som er helsepersonell, eller har andre samfunnskritiske oppgåver, som gjer at de skal vere på jobb i påska. Eg håpar de alle får nokre rolege og velfortjente fridagar i påska, som i år sikkert blir heilt annleis enn tidlegare høgtider for oss alle.
 
God Påske!
Klikk for stort bilde 
 
 
 
 
 
 
Ivar Bø
Kommunedirektør