Nærkontakt

Du er nærkontakt dersom:

  1. du har hatt kontakt med ein smitta mindre enn 48 timar før den smitta fekk symptom. Dersom personen som er smitta ikkje har symptom, blir det rekna frå testtidspunktet og ..(se neste punkt)
  2. kontakten har vore under to meters avstand i meir enn 15 minutt eller direkte fysisk kontakt eller direkte kontakt med sekret.

Dette gjeld dersom du er husstandsmedlem eller har hatt tilsvarande kontakt med den smitta (t.d. besteven/kjærast/overnattingsbesøk):

  • Du har ikkje karantene.
  • Det er anbefalt at du testar deg dagleg i 5 dagar etter siste kontakt med den smitta. Dersom du ikkje kan halde avstand til den smitta, bør du teste deg i 9 dagar 
  • Barn i grunnskulen eller yngre, treng ikkje teste seg anna enn ved symptom.
  • Bruk munnbind innandørs på offentleg stad og unngå sosiale lag og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten. Munnbindbruk gjeld ikkje barn under 12 år.
  • Ver merksam på symptom i 10 dagar. 
  • Ved symptom: Bli heime og test deg så raskt som mogleg.  
  • Ingen test skal tas med tvang.

Dette gjeld dersom du er "øvrig" nærkontakt (t.d. kollega, klassekamerat, besøk):

  • Du har ikkje karantene og treng ikkje å teste deg så lenge du er symptomfri.
  • Ver merksam på symptom i 10 dagar. 
  • Ved symptom: Bli heime og test deg så raskt som mogleg.
  • Ingen test skal tas med tvang.

 Les meir om kva som gjeld for nærkontaktar på helsenorge.no 

Informasjon til elevar og føresette om nye rutinar ved koronasmitte på skulen.

Dette gjer du dersom eleven får beskjed om at han/ho er nærkontakt på grunn av smitte i klassa:

  • Eleven har ikkje karantene, og kan leve som normalt så lenge han/ho ikkje har symptom.
  • Ver merksam på symptom i 10 dagar.
  • Ved symptom på koronavirus: Hald eleven heime og ta hurtigtest.
  • Det er ikkje lenger anbefalt å ta test dersom eleven er symptomfri.
  • Dersom du har smitte i heimen (eller blir rekna som "tilsvarande husstandsmedlem"), er det andre anbefalingar.
  • Gå inn på heimesida til Skjåk kommune

Dette gjer du dersom eleven har positiv koronatest:

  • Registrer smittetilfellet på nettsida til kommunen
  • Hald eleven i isolasjon i 4 døgn. Han/ho skal vera feberfri i 24 timar før isolasjonen blir avslutta.
  • Meld frå til nærkontaktar. Gje beskjed til skulen, så varslar dei klassa.
  • Ta stadfestande test ved teststasjonen dersom dette er anbefalt for han/ho. Sjå lenke. • Gå inn på helsenorge.no og les om kva reglar som gjeld.