Positiv test

Hurtigtest - Klikk for stort bilde A.stock  

Isolasjon

  • i isolasjon i 4 døgn. isolasjonstiden forlenges. Merk at man skal vere feberfri utan bruk av febernedsettande medikament 24 timar før isolasjon kan opphøyra. Det vil seie at dersom man har feber på dag 4 forlengast isolasjonsperioden inntil man har vært feberfri i eit døgn.
  • symptomer: Reknar du frå det tidspunktet symptoma starta. 
  • Ikkje symptom: Reknar du frå det tidspunktet du tok testen, 
  • Kontakt lege om du er bekymra for eiga helse. 
  • Du treng ikkje test før du avsluttar isolasjon. 

Les meir om isolasjon på helsenorge.no

Smittesporing

  • Du skal sjølv varsle dine nærkontakter. 
  • Dette gjeld dei du har hatt kontakt med frå 48 timer før du fekk symptom. 
  • Gje beskjed om at dei må gå inn på Skjåk kommune sine nettsider og setje seg inn i kva reglar og anbefalingar som gjeld for dei.

Les meir om nærkontakt her.

Hugs også å oppdatere Smittestopp-appen dersom du er smitta. Les meir om Smittestopp-appen på helsenorge.no 

Registrere positiv test

Får du positivt svar på sjølvtest skal du registrere dette sjølv her.  

Stadfestande test

Dersom du har tre vaksinedosar, eller har to vaksinedosar og hatt covid-19 i løpet av siste tre månader, bør du ikkje ta stadfestande test når du har positiv sjølvtest. 

Fylgjande personar vert rådde til å ta stadfestande PCR-test eller antigen hurtigtest teken av helsepersonell: 

  • Barn og ungdom mellom 0-16 år.
  • Uvaksinerte og delvaksinerte personar utan oppfriskingsdose som har behov for koronasertifikat.
  • Personar med primær eller sekundær immunsvikt, slik som  organtransplanterte og immunsupprimerte.  

Personar som søkjer helsehjelp og der stadfesting har konsekvens for diagnostikk og behandling, tilrådast det og å ta ein stadfestande PCR-test.

Sjukdomsforløp

Vanlegvis gjev covid-19 milde luftvegssymptom. Av og til kan covid-19 gje alvorleg sjukdom. Det er difor viktig at du følgjer med på symptoma og kontaktar lege dersom du vert dårleg med til dømes tung pust, høg feber eller dårleg allmenntilstand.
Legekontor: 61 21 71 00
Legevakt: 116 117   
Ambulanse: 113 (ved alvorleg sjukdom)