Reglane for heimekarantene og -isolering 16. mars:
Karantene og isolasjon skal skje heime og ikkje på hytta eller på fritidseigedom.
Heimeisolering betyr:
Å vere heime, isolert frå andre menneske og ikkje ha tett kontakt med dei du bur saman med. Dette gjeld for alle med mistenkt eller bekrafta koronasmitte heilt til dei som er smitta blir friskmeld av lege.
Heimekarantene betyr:
Å vere heime og ikkje ha kontakt med andre enn dei du bur saman med. Gjeld for alle som har hatt kontakt med koronasmitta, men som ikkje sjølv er sjuke, karantena varer i 14 dagar frå siste kontakt.
Desse skal halde seg heime
Alle som har symptom på forkjøling skal halde seg heime. Hvis du har symptom i luftvegane, men ikkje høyrer til ei av gruppene som er lista opp under testkriterie, er det ikkje nødvendig å teste deg.
Dei som har time hos lege, men har symptom som rennande nese, sår hals, hoste eller feber må ikkje møte til timen, men ta kontakt med legekontoret på telefon. Det er også mogleg for pasientar å ta kontakt med legen via nettsida helsenorge.no
Hvis du høyrer til ei av følgande grupper, så skal du vere heime:
- Du mistenker at du kan vere smitta
- Du har fått bekrefta at du er smitta
- Du er bekrafta sjuk av koronavirus (Covid-19), men treng ikkje å bli lagt inn på sjukehus
- Du har hatt nær kontakt med ein som er bekrefta smitta, eller ein du bur saman med er bekrefta smitta ( "nær kontakt" betyr kontakt med andre personar med mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt). Karantena skal vare i 14 dager får den dagen kontakta skjedde.
- Du har vore på reise utanlands og skal vere i karantene i 14 dagar får den dagen du kom hjem. Frå 17. mars gjeld dette også reiser frå Sverige og Finland, men utan tilbakevirkande kraft.
Personar med mildare symptom etter reise, treng ikkje kontakte lege.Dersom de har behov for akutt helsehjep, må de ringe fastlegen eller legevakt på om fastlegen ikkje er tilgjengeleg.
Du bør halde deg heime eitt døgn etter at du er blitt symptomfri. Medan du er heime, skal du vere nøye med hand- og hostehygiene for å unngå å smitte andre i husstanden.
Personar som er i karantene som utviklar forkjølelsessymptom som hoste, feber eller tung pust, skal halde seg i isolering frå symptoma kjem til sju dagar etter symptoma er forsunne.
Helsepersonell kan gå på jobb som normalt, sjølv om dei har husstandsmedlemmer med luftvegsinfeksjon som ikkje er testa for eller har fått påvist koronasmitte (covid-19).
Regjeringa har fra 15. mars 2020 vedtatt lov som kan forby innbyggarane å vere på hytte og fritidseigedommar utanfor eigen kommune. Karantene og isolasjon skal skje i heimen og ikke på hytta eller på fritidseigedomen.
Heimekarantene betyr:
- Ikkje gå på jobb eller skole
- unngå reiser
- ikkje ta offentleg transport (så lenge du ikkje er samfunnskritisk personell som treng det for å kome deg på arbeid)
- unngå andre stader der du lett kjem nær andre
- unngå nær kontakt med andre
Her finn du oppdatert informasjon frå helsenorge.no
Heimeisolasjon
Heimeisolasjon gjeld for:
- Dei som har fått påvist koronasmitte men som ikkje treng innlegging på sjukehus
- Dei som har symptom på luftvegsinfeksjon og der det blir tatt prøver for å stadfeste koronasmitte
- Dei som er i heimekarantene og som utviklar symptom på luftvegsinfeksjon
Heimeisolering gjeld om du er sjuk.
Heimeisolering betyr at du skal halde deg heime, Du skal ikkje sjølv gå i butikk eller liknande. Legen skal i samråd med kommunelegen vurdere kven som skal hjelpe deg med nødvendige innkjøp. Avhengig av kva situasjon du er i, kan det vere ein nabo eller andre, til dømes heimetenesten.
Du bør opphalde deg og sove i eit anna rom enn dei andre du bor saman med. Har de fleire bad og toalett, bør du bruke iet separat bad og toalett. Du bør ha eige handkle på felles bad og toalett.
Om du bur saman med ein som er sjuk av koronavirus, blir du rekna som nærkontakt og bør ha heimekarantene. Du treng ikkje å bruk utstyr som beskyttar deg sjølv, men ha begrensa kontakt med den smitta.
Ta kontakt med lege om symptoma forverrar seg med til dømes pustevanskar. Dersom du må til legen din eller må oppsøke anna helseteneste, fortell at du har eller blir vurdert for å ha covid-19 (koronavirus) når du ringer. Dette vil hjelpe helsetenesten med å iverksette tiltak for å hindre at andre blir smitta. Du bør ikkje bruke offentleg transport eller taxi. Gi beskjed til helsetenesten dersom du ikkje kan bruke eigen bil.
Om du er forkjøla eller har symptom på forkjøling
Helsepersonell og andre som har samfunnskritiske oppgåver kan gå på jobb som normalt, sjølv om dei har husstandsmedlemmer med "vanleg" luftvegsinfeksjon. Helsepersonelll må bruke maske og hanskar for å unngå å smitte andre.
Dersom du har symptom på akutt luftvegsinfeksjon, bør du halde deg heime. Det gjeld også hvis du har lette sumptom som for eksempel forkjøling eller vondt i halsen.
Dei fleste som har symptom på akutt luftvegsinfeskjon, behøver ikkje å bli testa for koronaviruset. Testane er avgrensa til sårbare grupper og helsepersonell som behandlar dei. Det er laga testkriterier for kven som bør testast som du kan sjå her.
Dei du bur saman med, kan leve som vanleg og treng ikkje vere i karantene, men dei bør vere ekstra merksame på eigne symptom, Hvis dei får symptom på luftvegsinfeskjon, bør dei sjølv halde seg heime til eitt døgn etter at dei er symptomfrie.
Les råda frå Folkehelseinstituttet.
Du kan sjå Helse- og omsorgsdepartementets vedtak om forskrift om karantene, isolasjon og forbod mot å opphalde seg på frititdseigedom i samband med koronavirusutbrotet. Forskrifta blei vedtatt 15. mars og gjeld fram til 1. april.
Ny forskrift om karantene etter reiser frå utlandet
Oppdatert 16.mars
Nasjonale mydigheiter frarådar frå 14. mars 2020 reiser som ikkje er strengt nødvendige, det gjeld reiser til alle land. Reiserådet gjeld i første omgang til 14. april. Reisande bør følge med på Utenriksdepartementets reiseinformasjon og nyheiter, da råda kan endre seg raskt.
Slik er karantenereglane publisert på regjeringen.no 15. mars 2020:
"Karantene for personer som ankommer Norge fra utlandet
Karantene og isolasjon av personer som kommer til Norge fra utlandet er regulert i en egen forskrift som ble gitt i statsråd 13. mars 2020. Denne gjelder fremdeles, men den er endret i dag slik at den innfører karanteneplikt for alle som ankommer Norge.
Endringen trer i kraft fra og med tirsdag 17. mars 2020.
Det betyr at reisende fra Sverige og Finland skal også i karantene.
I forskriften er blant annet personer som i arbeidsforhold reiser mellom bolig og arbeidssted, og i den forbindelse krysser grensene mellom Norge, Sverige og Finland, unntatt fra karantene når de reiser til og fra arbeid."
Karantene og isolasjon av personar som kjem frå Noreg frå utlandet er regulert i ei eiga forskrift som blei gitt i statsråd 13.mars 2020. Denne gjeld framleis, men er endre slik at den innfører karanteneplikt for alle som kjem inn til Noreg. Endringa trer i kraft tysdag 17. mars.
Det betyr at reisande frå Sverige og Finland som kjem til Noreg 17. mars eller seinare skal i karantene om dei ønsker å opphalde seg her i landet. Forskriften har ikkje tilbakeverkande kraft til 27. februar slik som den har for personar som kjem reisande frå andre land - også frå resten av Norden. I forskrifta er blant anna personar som reiser mellom Norge, Sverige og Finland i arbeidsforhald, altså mellom bustad og arbeid, fritatte frå karanteneplikta.