Vil du hjelpe nokon eller treng du hjelp?

Treng du hjelp til å handle mat ?

Dersom du, eller nokon du kjenner treng hjelp til å handle mat kan du kontakte butikkane under for å få hjelp. Dei vil hjelpe alle som treng det med å handle mat. Butikkane organiserer også utkøyring av matvarer. Tilbodet vil vare så lenge det er behov.

Kontakt butikk:

  • Bunnpris: 61 21 43 82
  • Skeimo: 61 21 40 65

Skjåk kommune ønskjer også oversikt over tilgjengeleg personell

Vi ønskjer å kartleggje personar i Skjåk som kan bistå i ulike oppgåver slik at kommunen kan oppretthalde drift sjølv om mange av våre tilsette skulle bli sjuke. 

Dette gjeld spesielt personar med helsefagleg utdanning eller erfaring.

Alderspensjonistar kan jobbe med koronakrisen utan å tape pensjon. Regjeringa lempar med umedelbar verknad på reglar slik at pensjonerte sjukepleiarar og andre i nødvendige yrkesgrupper kan jobbe utan å få pensjonen redusert. Regelen gjeld frå fredag 13. mars og fram til 1. november, og altså for arbeid knytt til koronaviruset.

Dersom vi kjem i ein situasjon med mangel på personell, tek vi direkte kontakt med deg. 

Ordna forhold i kommunen: Kommunen vil ta kontakt med dei som er aktuelle. Jobb i kommunale helseinstitusjonar inneber lønn, samt å vere dekka av kommunen sine forsikringar. Alle må kunne vise politiattest. Har du spørsmål så ta kontakt med Elin Bakke på telefon 997 56 690 eller e-post elin.bakke@skjaak.kommune.no.

Kontakt

Spørsmål om Covid 19?
Telefon 61 21 71 00

Kontakt Skjåk legekontor ved spørsmål om Covid 19. Telefon 61 21 71 00. Telefontid: 08.00-11.30 og 12.30-15.00. Telefon tysdagar: kl.09.00-11.30 og 12.30-15.00