Torsdag 18. juni opnar vi Skjåk Treningssenter

   Klikk for stort bilde 

Torsdag 18. juni opnar vi Skjåk Treningssenter. Det er gitt at både medlemmar og treningssenteret fylgjer dei nye retningslinjane som alle treningssenter er pålagt å fylgje. Merk at endringar kan skje på kort varsel, f,eks. redusert opningstid og stenging. 

Smittervernreglar for Skjåk Treningssenter:

  • Maks 6 personar i kondisrommet.(Sykkel, romaskin, step og tredemølle)
  • Maks 8 personar i styrkerommet.
  • Er du sjuk, eller har symptom på luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime.
  • Alle MÅ desinfisere/vaske hender før trening. Det er plassert ut desinfiserande flasker fleire stader i lokalet. Vask og/eller desinfiser hendene når du kjem på Skjåk Treningssenter, og når du er ferdig. Vi rådar til ikkje å nytte treningshanskar, slik at handvask er lettare å utføre.
  • Alle skal kunne halde ei avstand på minst 1 meter, ved høg intensitetstrening gjeld minst 2 meter.
  • Alle MÅ vaske utstyr som har vore brukt.Garderobar vil vere opne, men maks kun 2 personar inne samtidig.

Det vil bli utført dagleg tilsyn. Elles har vi tillit til dykk som medlemmar og at dykk viser god åtferd og vurderingsevne på smittevern.

Alle MÅ registrere sitt eige adgangskort/brikke i kortlesar utanfor inngangsdør. Minner elles om at det er strengt forbode å sleppe inn personar utan medlemskap, med mindre det er gjort avtale på førehand.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt på e-post: skjaktreningssenter@gmail.com.

E-post til Skjåk Treningssenter