Svømmehallen Svømmehallen er stengt for all bading i veke 13 (påskeveke) Nye reglar for bruk av svømmehallen haust/vår 2020-21. Svømmehallen i Skjåk opnast kun for private grupper frå 15. september 2020, eller grupper organisert gjennom Skjåk idrettslag. Altså, det blir ikkje opna for offentleg bading. Offentleg bading blir stengt ut året så lenge smittevernreglane forblir uendra. Badstue vil være stengd ut året. Reglar for bruk av svømmehallen for badegrupper Gruppene må søkje om tid. Kontakt servicetorget. Ei badegruppe kan være på inntil 15 personar. Ansvarleg kontaktperson/gruppeleiar skal føre liste over personane i gruppa kvar gong bassenget blir brukt. Denne lista skal ved førespurnad kunne bli framvist i inntil 14 dagar etter bruk. Dette i tilfelle seinare smitteoppsporing. Ansvarleg kontaktperson/gruppeleiar har ansvar for at smittevernreglane blir fylgt. Før bruk skal kontaktflater vaskast med såpevatn og papir eller spritklut. Dette gjeld dørhandtak, benkeoverflater, kraner og eventuelle andre berøringspunkt. Brukargruppene må sjølve stille med spritklutar eller såpe. Kvar badegruppe skal ha ein person med godkjent livredningsprøve. Livredningskurs vil gli gjennomført i forbindelse med opning av svømmehallen. Badstuer vil være stengde. Gruppene er sjølv ansvarlege for reingjering av utstyret dei brukar. Dette skal gjerast etter retningsliner sett av gruppene sine særforbund. Etter bruk skal kontaktflater vaskast med såpevatn og papir eller spritklut. For bruk av garderobane gjeld same reglement som for andre grupper som brukar desse (sjå eige regelment for dette). Personar som ikkje overheld reglane vil bli vist bort. Last ned "Reglar for bruk av svømmehallen for badegrupper". (PDF, 586 kB) Last ned "Reglar for bruk av garderobane i Skjåkhallen". (PDF, 595 kB) Last ned "Bruk av idrettsanlegg og treningsfasilitetar i Skjåk kommune, inklusiv bruk av garderobar". (PDF, 350 kB) Reglar for bruk av Skjåkhallen til organisert trening. (PDF, 600 kB) Last ned "Kontrollskjema" (PDF, 325 kB) Prisar for leige av svømmehall Svømmehall "Innanbygds", maks 15 personar/time kr. 480,- Svømmehall "Utanbygds", maks 15 personar/time kr. 590,- Svømmehall m/sklie "Innanbygds", maks 15 personar/time kr. 580,- Svømmehall m/sklie "Utanbygds", maks 15 personar/time kr. 690,- Skjåk kommune tilbyr livreddingskurs: Kurspåmelding og informasjon om kurs, ta kontakt med Lars Kåre Haugen. E-post: lars.kare.haugen@skjaak.kommune.no eller på tlf: 958 81 609. Det er eit tak på 12 personar per kurs. Varigheit på kurset er ca. 2 timar. Det blir og brannøving for gruppeleiarar saman med livredningskurset. Fakta om svømmehallen: Eitt stort basseng m/vassklie Bassenget har 4 baner m/stupeplattform Lengde basseng: 25,0m Bredde : 8,5m Dybde grunndelen av bassenget: 0,9 m til 1,3 m Dybde djupdelen av bassenget: 2,0 m til 2,20 m Storsklie: lengde 18 m Handikappvennleg ut/innstigning i basseng For dei som ikkje er kjend i Skjåk så finn du svømmebassenget i Skjåkhallen, Bismo. Ta kontakt med servicetorget i Skjåk kommune om du har spørsmål (sjå kart) Publisert15.09.2020 09.40 Sist endret23.02.2021 12.41