Om treningssenteret

  • Gamle snikkeriet, dvs. Industrivegen 60G.
  • Lokalet er romsleg på 350m2, med eit mindre avlukke på 100m2 tilegna gruppetrening. 
  • Stort parkeringsområde. 
  • Enkel garderobeløsning for dame og herre med dusj og toalett.
  • Lokalet er òg tilpassa dei som er rørslehemma og er lett tilgjengeleg.

Gode moglegheiter til både cardio og styrketrening. Det er tredemøllar, ro maskinar, og syklar tilgjengeleg for alle. Er òg ein god variasjon av styrketreningsapparat og frivektar.  
 

Generelt om medlemskap

Medlemskap på 6 og 12 månadar skal betalast via AvtaleGiro som opprettast ved innmelding. Dersom avtalegiro ikkje vert oppretta vil du mota faktura med fakturagebyr. Dette er medlemskap med henholdsvis 6 og 12 månaders gjensidig bindingstid. Det vil sei at du ikkje kan avslutte medlemskapet i denne tida, og du er garantert månadsprisen ved innmelding, heile denne tida. Medlemskapet vil fortsette å løpe, utover bindingstida med 1 mnd oppsigelse, til du sjølv gjev Skjåk Treningssenter skriftleg (e-post) melding om endring.

Personar under 18 år kan registrere seg på førehand på og deretter komme innom oss i betente tider for å teikne avtale. Ein må då ha med foresatt for signering av avtale. Vår aldersgrense på medlemskap hjå Skjåk Treningssenter er ved oppstart 10 klasse.

Nøkkelbrikke

Ved teikning av medlemskap over 6 og 12 månader får du til tilgang til treningssenteret via ei personleg nøkkelbrikke. Det er ikkje tillate for medlemar av Skjåk Treningssenter å ta med uvedkomande (personar utan medlemskap) inn i treningslokalet (*sjå meir info under). Ved tap av nøkkelbrikke må medlemmen sjølv kjøpe ny. Pris nøkkelbrikke kr. 200,-.

*NB! Dersom du ynskjer å ta med ein venn eller eit familiemedlem som er heime på ferie eller liknande, kan du gjere det ved at vedkomande betaler for seg via VIPPS (drop-in) i det han eller ho entra treningslokalet. Vi ynskjer tillit til deg som medlem og at du informerer besøkande om dette, og at dei viser respekt og følgjer reglane som nemnd i medlemsvilkåra.

Friviljuge gruppetilbod

Prisane inkluderer deltaking i friviljuge gruppetilbod. Dei med kort til styrkerommet i dag, får dette medlemskapet overført til det nye treningssenteret til det utløpar, og må deretter betale satsen for det nye treningssenteret.

Opningstider

Alle dagar: kl. 05:00-22:00

Kontakt oss

Har du spørsmål knytt til ditt medlemskap, betaling, oppsigelse eller innmelding? Send oss ein E-post. Då behandler vi din forespørsel så snart vi er på kontoret.

E-post: skjaktreningssenter@gmail.com