Ståk i Skjåk og Hausttakk

Klikk for stort bilde

Ståk i Skjåk

- er ei brei mønstring av lokalt nærings-, organisasjons- og kulturliv som blir arrangert kvar vår.

Målet er at alle – både eigne innbyggjarar og tilreisande, unge som gamle - skal finne noko interessant å delta på. 

Denne marknaden har vore ein flott tradisjon i mange år. Målet er at handelstand, anna næringsliv, samt lag og foreiningar får moglegheit til å vise seg fram og syne kva bygda har å by på. Med andre ord: Lage ein folkefest i Skjåk. Arrangementet har som regel eit kulturelt tilsnitt - og paraden med born som går med dukkevogn eller køyrer lekebil eller leketraktor, er eit høgdepunkt.

Hausttakk 

- er ein marknadsdag i Bismo som blir arrangert kvar haust.

Målet er å fremje lokal matproduksjon og mattradisjon, samt bygge vidare på tradisjonen om at utflytta skjåkverer og folk frå andre stadar kjem til Skjåk om hausten for å drive matauk for vinteren. Like viktig er det å skape ein martna der folk kan få kjøpe mat frå lokale matprodusentar i dalen og frå Vestlandet.