Frøbibliotek

17. mars 2022 opna vi Frøbiblioteket.

Frøbiblioteket er eit tilbod til alle hobbygartnarar. Her kan du låne frø om våren, når hausten "endeleg" kjem kan du sanke frø frå plantene du har dyrka. Om du vil, kan du levere frø attende til biblioteket slik at andre kan låne dei året etter. Prinsippet er Lån-Dyrk-Sank-Levér.

Frøbiblioteket i Skjåk - Klikk for stort bildeFrøbiblioteket i Skjåk  

 

Målet med Frøbiblioteket er at store og små i Skjåk skal få auka kunnskap og glede av å sjå noko spire og gro. Og kven veit? Kanskje blir det noko godt å ete av det også.

Vi gjev deg ei påminning når perioden for innhausting startar – her får du tips om korleis du skal gå fram. Fleire spennande aktivitetar og arrangement rundt Frøbiblioteket er under planlegging. Samlinga med frø blir oppdatert og utvida undervegs.

Frøbibliotek er ein ny trend som er på full fart inn i dei norske biblioteka. Vi er tidleg ute, i fylket vårt er det berre Hamar bibliotek som har starta frøbibliotek.

Har du frø?

Har du frø du vil dele med oss, blir vi hoppande glade. Levér frøa i skranken, og vi pakkar dei i fine frøposar.

Kanskje har du kunnskap om emnet som vi kan nytte oss av? Vi tek gjerne imot gode tips frå deg. Vi veit at det er mange flinke hobbygartnarar i Skjåk, og vi håpar dykk tek kontakt med oss. Ordninga er basert på tillit og er sjølvsagt gratis.

Ta gjerne eit bilde av det du har sådd/dyrka og del det på Instagram: #skjåkfolkebibliotek

Vi gler oss! Bli med du også!