Program våren 2023

Oversiktsbilde arrangement Skjåk folkebibliotek - Klikk for stort bilde

Skjåk folkebibliotek har mykje på programmet utover våren.  Vi får m.a. besøk av Trude Teige, Ragnhild Kolden, Ingar Sletten Kolloen, Anders Totland, H.L. Phoenix, Edel Ordførar og Klovnen Knut. Filmrommet er eit nytt tilbod der vi m.a. skal ha filmframsyning av "Dyrene i Hakkebakkeskogen". Sjå om du finn noko som fell i smak:

2. februar

Møt Edel ordførar

Kl. 15.00 - Kl. 17.00

Har du eit spørsmål, ein god idé eller ei sak du tykkjer er viktig for Skjåk?

Kom innom for ein uformell prat og kaffikopp med Edel.

Edel blir å treffe på biblioteket ein gong pr. månad framover. Her er er oversikt:

  • Laurdag 4. mars kl. 11.00-13.00
  • Torsdag 13. april kl. 15.00-17.00
  • Torsdag 4. mai kl. 13.00-15.00 
  • Torsdag 8. juni kl. 15.00-17.00

Ta plass i sofaen vår!
Vi har kaffien klar :)

Portrett av Edel Kveen - Klikk for stort bildeEdel Kveen Skjåk folkebibliotek

7. februar

Filmrommet

Dyrene i Hakkebakkeskogen

kl 17.30

Dyrene i Hakkebakkeskogen er basert på Thorbjørn Egner sin klassikar med samme namn. I Hakkebakkeskogen bur Klatremus og dei små vennene hans i konstant fare for å bli oppete av Mikkel Rev og andre rovdyr som ikkje klarer å skaffe seg mat på ærleg vis. Når Petter Pinnsvin i tillegg prøver å ete fornuftige bestmora til Morten Skogmus, er det på tide å lage ei ny lov for dyra i  skogen. Bamsefar hjelper dei med å innføre lova: "No skal alle dyra i skogen vere venner og det er forbode å ete kvarandre"... men Mikkel Rev er framleis svolten!

Gratis inngang

Filmplakat til Dyrene i Hakkebakkeskogen - Klikk for stort bilde

27. februar

Filmrommet

Reisa til Fjørkongens rike
kl 13.00

Dette er ein moderne fabel som er både vakker, trist og spennande. Johan er ein liten kaningut som har mista mammaen sin. Han og pappaen bur på ein båt. Ein dag når han er aleine, får han høyre ei nødmelding frå radiosendaren i båten. Johan legg ut på ei reise til Fjærkongens rike.
Animasjonsfilmen er ei fantasifull historie som tydeleg er inspirert av Astrid Lindgren og Hayao Miyazakis si verd.

Gratis inngang

 

 


 
Plakat til filmen "Fjørkongens rike" - Klikk for stort bilde

1. mars

Frøbiblioteket

Sesongopning av Frøbiblioteket vårt

Vi har pakka nye frøposar. Kom innom og hent!

Frøbiblioteket er eit tilbod til alle hobbygartnarar. Her kan du låne frø om våren, og når hausten "endeleg" kjem kan du sanke frø frå plantene du har dyrka. Om du vil, kan du levere frø attende til biblioteket slik at andre kan låne dei året etter.

Prinsippet er Lån-Dyrk-Sank-Levér.

Frøposane er heilt gratis :)

Frøbiblioteket i Skjåk.

Frøbiblioteket i Skjåk - Klikk for stort bildeFrøbiblioteket i Skjåk

 

8. mars

Den internasjonale kvinnedagen

Filmrommet
Den grønne sykkelen
kl 14.00

Wadjda er ei nysgjerrig og uredd jente på ti år. Ho drøymer om ein grøn sykkel, men i Saudi-Arabia der Wadjda bur er det ikkje tillatt for jenter å sykle i gatene. Medan mor hennar er oppteken med å overtyde faren om å ikkje finne seg kone nummer to, prøver Wadjda å skaffe pengar til å kjøpe sykkelen sjølv. På skulen er ho kjent som ein bråkmakar.

"Den grønne sykkelen" er ei sjarmerande og engasjerande forteljing om ei tøff jente som trossar samfunnets reglar for å fylgje sin eigen veg. Wadjda er ein heltinne full av liv.

Dette er den fyrste spelefilmen frå Saudi-Arabia, eit land utan kinoar. Filmen er i tillegg regissert av ei kvinne, Haifaa Al Mansour.

Vi har også ei bokutstilling med dette temaet.

Gratis inngang

Plakat til filmen "Den grønne sykkelen" - Klikk for stort bilde Skjermdump

9. mars

Forfattarbesøk Anders Totland

kl 19.00

Kom og høyr Anders Totland fortelje, syngje og spele piano for oss.

Romanen «Til jord skal du bli» er riven bort frå butikkhyllene, og det utan ein einaste bokmelding i pressa. Hans fyrste bok, “Engel i snøen”, fekk sjølvaste kronprinsesse Mette-Marit til å grine. Med den siste romanen får han folk til å le.

Bokbloggar Kjell Magne Gjøsæter, gir «Til jord skal du bli" ein seksar, og skriv:
"Den er morosam, hjartevarm og sjarmerande på ein sjuk, sjuk måte. Anders Totland har skapt eit strålande univers med ein sjarmoffensiv av karakterar. Dette er ei bok som vil treffe eit breidt spekter av lesarar. Eg kan ikkje anna enn å la meg bli trollbunde av den vanvittige historia. Les boka. Du vil ikkje angre."

Inngang kr 100,-

Bokomslag "Til jord skal du bli" - Klikk for stort bildeGod bok!
Portrett av Anders Totland - Klikk for stort bildeAnders Totland Alva Elisabet Thorkildsen Totland

13. mars

"BokLek" for skulestartarane

kl 12.00

Kristine Haugland har jobba som forteljar sidan 2003, og er med som formidlar under Boklek-turneen i 2023. Vi gler oss til å høyre Kristine lese frå boka "Uppsa" av Hilde Hodnefjeld.

«Uppsa» er ei nydeleg  bok for alle barn som har fått kjeft for å kløne det til, og alle foreldre som har gløymt korleis det er å navigere verda i ein barnekropp.

Bokomslag av boka "Uppsa" av Hilde Hodnefjeld - Klikk for stort bilde
Portrett av Kristine Haugland - Klikk for stort bilde Tanja Steen

15. mars

Forfattarbesøk Trude Teige

kl 18.00

Forfattaren Trude Teige er kjend frå TV2, der ho i 22 år var programleiar, nyheitsanker og politisk reporter. For åtte år sidan vart ho forfattar på heiltid.

I dette foredraget fortel ho om historiene og menneska som fekk ho til å skrive dei to krigsromanane «Mormor danset i regnet» og «Morfar pustet med havet». Ho tek oss også med inn på det nedlagte Dikemark Psykiatriske Sykehus og viser oss kva ho fann i ein kjellar der. Det var nemleg dette funnet som fekk ho til skrive krimromanen «Pasienten».

Trude Teige har skrive 13 bøker, både historiske romanar, krimromanar og sakprosabøker.

Arrangementet er i samband med Vinterles-kampanjen 2022/2023.

Velkomne!

Inngang kr 100,-

Bokomslag av Pasienten - Klikk for stort bilde
Bokomslag av Mormor danset i regnet - Klikk for stort bilde
Bokomslag av Morfar pustet med havet - Klikk for stort bilde
Portrett av Trude Teige - Klikk for stort bilde Tine Poppe

17. april

Forfattarbesøk H.L Phoenix

kl 09.00

Vi er svært tilfredse med at 8. og 9. klassingane våre kjem til biblioteket for å møte denne prisvinnande forfattaren, illustratøren og serieskaparen H. L. Phoenix (pseudonym). 

I 2022 vann han Ravneringene-prisen, for mellom anna Arkin-serien. Prisen er Norges første litterære fantasy-pris, og den er oppretta og personleg delt ut av fantasy-dronninga Siri Pettersen.

​Han er utdanna barne- og ungdomsarbeider, personleg trenar og ernæringsrettleiar, og har over 20 års erfaring med arbeid med barn og unge. I tillegg er han fast foredragshaldar på Guttekonferansen som er kvart år i samband med verdsdagen for psykisk helse. Der pratar han til fleire hundre gutar i 10. klasse om å våge å vere seg sjølv, ta gjennomtenkte val og kor viktig det er å prate om følelsane sine.

Det er nokre få ledige plassar. Kontakt biblioteket for meir informasjon.

Gratis inngang

Sjekk desse fine illustrasjonane da! 

Illustrasjon frå bøkene om Arkin - Klikk for stort bilde
Illustrasjon frå bøkene om Arkin - Klikk for stort bilde
Illustrasjon frå bøkene om Arkin - Klikk for stort bilde
Illustrasjon frå bøkene om Arkin - Klikk for stort bilde
Portrett av H.L. Phoenix - Klikk for stort bilde Marianne Wahlberg

20. april

Klovnen Knut

kl 10.00

Familie- og barneunderhaldning med komisk innhald. Her blir det tryll og tøys, musikalske sprell, sjonglering,  buktaling og kule ballongdyr.

Vi har invitert 4-6-åringane i barnehagane.

Vi har att nokre få plassar, ta konktakt med biblioteket om du er interessert.

Gratis inngang.

Bilde av Klovnen Knut - Klikk for stort bilde Nettsida til Klovnen Knut

27. april

Forfattarbesøk Ragnhild Kolden og Ingar Sletten Kolloen

kl 19.00

Ragnhild har skrive fleire kritikarroste romanar om krigen tidlegare. Denne gongen skriv ho om dei vanlege folka under krigen. Både dei som prøvde å gjere motstand og dei som vart medløparar. Bygda ho skriv om er fiktiv, men ho tek utganspunkt i heimbygda Lom, ei bygd med mange NS-sympatisørar og medlemmar, der naziordføraren, som den einaste i Noreg, fekk ny tillit etter krigen.

Ingar Sletten Kolloen og Ragnhild Kolden skal ha ei samtale om Krig som eit «skjønnlitterært ekko» av sitt eige pågåande sakprosa-prosjekt. Det blir ei samtale der fiksjon og fakta utfyller kvarandre.

​​​​Det er våren 1940. Gabriel Bratt ventar på bussen heim til familiegarden da tyske bombefly blir synlege mot himmelen. Verdskrigen kjem dundrande som ei øydeleggjande kraft over Innerdalen, og snart held ein tropp tyske soldatar og NS-folk i sentrale posisjonar befolkninga i eit kontrollerande grep. Søskena Gabriel, Gunnar og Margot skal bli varig merkte av okkupasjonen på kvar sitt vis når tilsynelatande små og ubetydelege handlingar får dramatiske konsekvensar for dei og menneska rundt dei. For korleis skal ein handle når det å hjelpe ein ven kan sende deg til fangebrakkene i Sachsenhausen? Når det å oppsøkje ein barndomskamerat kan føre deg rett i hendene på Gestapo? Eller når feil svar kan utsetja deg for den verste pine?

Inngang kr 100,-

Arr: Skjåk folkebibliotek og Den kulturelle spaserstokken

Bokomslag av boka "Krig" av Ragnhild Kolden - Klikk for stort bilde
Portrett av Ragnhild Kolden - Klikk for stort bilde Tove K. Breistein

 

Portrett av Ingar Sletten Kolloen - Klikk for stort bilde Morten Brun

1. juni

Kick-off Sommarles

Vi presenterer Sommarles for alle i 1. - 7. klasse.

Sommarles er ein kul lesekampanje for deg som går i 1.-7. klasse. Her får du premiar undervegs og du er med i trekninga av den gjeve hovudpremien som er eit gåvekort på kr 1000,-.  Vi brukar å ha ein avslutningsfest på hausten.

Bilete frå avslutningsfesten for Sommarles i 2022 - Klikk for stort bilde Sigrun Eide
Astrid og Asbjørn er gjennomgangsfigurane i Sommerles - Klikk for stort bildeAsbjørn og Astrid er gjennomgangsfigurane i Sommerles

Gå til Skjåk folkebibliotek