Skjåkhallen

Skjåkhallen generelt

  • Alle brukar- og utleigeforhold skal bestillast gjennom servicetorget på kommunehuset.
  • Det skal skrivast leigeavtale for all bruk av Skjåkhallen. Unnateke frå denne regelen er skule og barnehagar, bruk i regi av Skjåk il etter oppsett timeplan og arrangement/tilstellingar kommunen arrangerer i eigen regi.
  • Betaling for leige/bruk av Skjåkhallen for alle leigeavtaler etter vedtekne satsar. Satsane blir fastsett av kommunestyret.
  • Skular og barnehagar har bruksrett på heile Skjåkhallen. Brukstida for skule og barnehagar er i skuletida med tilpassingar etter arbeidstida for driftspersonalet.
  • Sikkerheit og brannvernarbeid er obligatorisk for alle brukarar. Alle brukarar forpliktar seg å setja seg inn i sikkerheitsreglar, branninstruks og delta på brannøvingar.
  • Brukarane har ansvar for rydding i Skjåkhallen etter sitt bruk.
  • Brukarane er ansvarlege for at dører er lukka og låste etter bruk.
  • Brukarar av Skjåkhallen kvitterar for nøkkelkort og betaler depositum etter gjeldande satsar.

Idrettshallen

  • Utanom skuletid har lag/grupper frå Skjåk il fyrsteprioritet.
  • Skjåk il melder inn til servicetorget ynskjer om halltider innan utgangen av juni kvart år. Skjåk il er sjølve ansvarlege for fordelinga av tider mellom gruppene.
  • Idrettshallen har standardutrustning med handballmål. Desse skal væra på plass etterpå, uansett bruksformål.
  • Fellesutstyr står til disposisjon for alle brukarar av idrettshallen. Feil eller skade på fellesutstyr skal meldast driftansvarleg.
  • Lag/grupper har ansvar for opprigging og tilordning for sin aktivitet. Gjeld for både idrettshall og garderobar.

Styrketreningsrommet

  • Aldersgense er 16 år for bruk av styrketreningsrommet.
  • Endring januar 2019:

Gjennom eit administrativt vedtak i kommuna er det bestemt at ein kan ha eige styrketreningskort frå ein startar i 10. klasse. Kjøp av styrketreningskort før ein har fylt 16 år forutsett samtykkjeskjema frå føresette og gjennomført kurs i bruk av treningsutstyr.

  • For å få tilgang til styrketreningsrommet må det kjøpast adgangskort i servicetorget.
  • Adgangskort er personleg og skal ikkje lånast bort. Det blir utstedt gebyr for ikkje å ha gyldig adgangskort ved kontroll.
  • Feil og manglar som blir oppdaga på utstyr i styrketreningsrommet og garderobe/dusj skal meldast til driftsansvarleg.

2. etasje

  • Skjåk il melder inn til servicetorget ynskjer om brukstid innan utgangen av juni kvart år. Skjåk il er sjølve ansvarlege for fordelinga av tider mellom gruppene.
  • Private spinninggrupper gjer avtale med servicetorget om halltid. Det skal utpeikast ein ansvarleg for kvar spinninggruppe. Skjåk kommune eig og har ansvar for drift og vedlikehald av spinningsyklane.
  • Feil og manglar som blir oppdaga på spinningsyklane skal meldast til driftsansvarleg.

Sanksjonar mot brot på retningslinjene blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00