Leige svømmehall

Svømmehallen kan leigast ut til private badegrupper gjennom servicetorget. Ei privat gruppe kan max bestå av 15 personar. Det blir stilt krav til at private badegrupper har badevakt med godkjent livredningskurs. Hvis ikkje slik godkjenning kan dokumenterast, er det krav om at alle medlemmar i gruppa skriv under erklæring om at dei sjølve tek ansvar for sikkerheita. Dette skal gå fram av leigeavtalen og godkjenningsbevis skal framvisast ved inngåing av avtalen.

Kontakt servicetorget for booking. Leigeavtale og erklæring er utlagt på servicetorget i kommunehuset, eller kan lastast ned her:

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00