Lokalsamlinga

Skjåk folkebibliotek

Her finn du lokal litteratur – både faglitteratur, skjønnlitteratur og kjeldemateriale.
 
Skjåk Historielag og Opplandsarkivet avd. Skjåk har sine lokalitetar her. Arkivet har ei samling på over 140 arkiv etter lag og organisasjonar, privatpersonar og verksemder. Vi tek i mot arkiv som gåve eller deponering. Arkiva vert ordna, registrert og lagra trygt. Her kan du og få tilgang til arkivmateriale ved å kontakte arkivansvarleg: Stein Grjotheim.
 

Materiell som ofte blir brukt

  • Fotosamlinga på om lag 17 000 bilete
  • Lokalt avisstoff frå regionale aviser som Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer, Dagningen og Laagen.
  • Tilgang til digitale kjelder på Internett: Utvandrarlister, kyrkjebøker, folketeljingar, matriklar og tingbøker.
  • Vi pratar gjerne med alle som ynskjer å ta opp lokalhistorie og ulike typar kjeldemateriale som tema.

Meir informasjon