«Prøvebu i Skjåk»

bilde av rekruteringsbusta i Skjåk - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Nå kan du prøvebu i Skjåk!

«Prøvebu i Skjåk»

Om ordninga

Å flytte er eit stort steg å ta. Å flytte til eit heilt anna type liv kan vere skummelt, sjølv om ein er ganske sikker på at det er det ein ynskjer. Det er ikkje berre lett å hoppe i det og bygge seg eit hus utan at ein kjenner staden ein flytter til godt. – I Skjåk ynskjer vi å gjere terskelen lågare. Det er ikkje så mange hus som kjem tilsals i Skjåk og dette er grunnen til at Skjåk kommune bygger nye hus, til dykk som ynskjer å flytte hit.

Drøymer de om eit liv på landet – meir tid, meir plass, og ein kvardag der du kan gjere ting som dykk vanlegvis berre gjer i ferien, tilbyr vi splitter nye bustader for å prøvebu i Skjåk. Slik får de moglegheit til å teste ut korleis det er å bu i bygda vår. Vi ynskjer at innbyggarane i Skjåk skal få nye naboar, fleire leikekameratar i barnehagen og på skulen og fleire som vil leve og bu her oppe i enden av Gudbrandsdalen på grensa mot vestlandet.

Sjå også ledige bustadtomter i Skjåk kommune

Krav for å prøvebu

Denne ordninga siktar seg mot:

  • Personar med ein intensjon om å busetje seg i og arbeide i Skjåk
  • Personar som tilfører arbeidskraft/ressursar til Skjåk
  • Personar med folkeregistrert adresse utanfor Skjåk, eller kan dokumentere arbeid/studiar utanfor Skjåk i minst 2 år
  • Husstandar med fleire medlemmer
  • Aldersgruppa 25-45år
  • Lærlingar

For å vere aktuell for rekrutteringsbustaden må søkjaren oppfylgje eit av desse krava:

  • Ha tilbod om lønna arbeid i form av fast stilling (dette må kunne dokumenterast)
  • Tilbod om vikariat/midlertidig tilsetting av minst 1 års varigheit
  • Vere sjølvstendig næringsdrivande

Retningslinjer for leige:

  • Leigepris er kr. 10.000 per månad.
  • Utgifter til strøm, renovasjon og kommunale avgifter er ikkje inkludert i leigeprisen.
  • Leigetakar kan leige i inntil 3 år
  • Leigetakar har opsjon på å løyse in kjøpekontrakten etter eit, to eller tre års leigeperiode.
  • Leigekontrakten går ut etter tre år og leigetakarane må da bestemmer om dei ynskjer å kjøpe eller flytte.

Les meir om retningslinjene for rekrutterings- og prøvebustader i Skjåk (PDF, 132 kB)

Prospekt

Bustadene er bygd i 2022/2023. Dei har nytt og moderne interiør. Det totale arealet på etasjane er 57 og 56,9 m2. Kjøkkenet er utstyrt med kvitevarer og det er to skap på to av soveromma. Bustaden ligg på ei høgde med fin utsikt over bygda og gangavstand til Bismo. Parkeringsplass utanfor og bod utanfor døra. Bustaden er ikkje innreia, med unntak av kvitevarer. Det er 2 bad i bustaden, eit i kvar etasje. 3 større rom og 3 mindre. Kjøkken og stue er i same rom.

---------------------------

Dersom leietakar ynskjer å kjøpe bustaden gjeld desse hovudreglane:

  • Kjøp fylgjer "leige til eige prinsippet" etter modell frå Husbanken
  • Det er føresetnad om leige i minst eit år
  • Kjøpar må bli buande i bustaden og arbeide i Skjåk i minst 2 år etter kjøpetidspunktet

Fleire fakta om å leve og bu i Skjåk finn du på nettstaden Skjak.no

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway

 

Sølvi Lemstad Hiller
Næringssjef
Mobil 911 14 550