Bedriftsportrettet 5arns Data- Omar Lien

5arns data ved Omar lien Skjåk kommune  

Bedriftsportrett 5arns Data- Omar Lien

Ein får assosiasjonar frå ein bakgard i byen når ein kjem inn i Gjeilen 1 i Bismo i Skjåk. Her ligg tidlegare Liens sykkelverkstad som nå husar to bedrifter som barnebarna Tor Henry og Omar Lien har etablert. Det er 5arns Data og Liens Trafikkskule.Ordførar Edel Kveen med Omar og Tor Henry Lien   Omar har både kontor og bustad i midten av bygget. Tom Henry har kontor i nedste delen og sjølve verkstaden står slik den alltid har gjort i øvste enden av bygget.

Liens sykkelverkstad

Liens sykkelverkstad vart etablert i 1951 av bestefar til gutane, Lars Lien. Han og kona hadde heile 13 ungar og fleire av desse var med og bidrog i sykkelverkstaden. I tillegg til sykkelreparasjonar, så dreiv dei med vulkanisering av sko. Det går ut på å legge på gummi på nedslitte sko. Dei produserte også mjølketraller som gardbrukarane kunne nytte til å køyre mjølkespanna fram til mjølkerampa ved vegen. Det var denne verkstaden som var starten på  Tor Lien sykkel og sport som har tilhald i Skjåk kjøpesenter. Dei har vore der sidan i 1985.

"Har du prøvd å slå av og på att?"

Det ringer jamt i telefonen til Omar Lien da vi er på bedriftsbesøk. " Har du prøvd å slå av og på att da?". Det er ei dame på 80 år som ringer. 

 

"Verkar det ikkje, nei? Tek meg ein tur innom deg eg, veit du.." Hjå Omar er ingen dataproblem for store og ingen for små. Når vi spør om kven den typiske kunden er, så er svaret at det er dei mellomstore bedriftene han lever av, men han hjelper alle frå gamle damer og karar til unggutar som kjøper seg ny spelemaskin. Eg kan lite om mykje, seier han beskjedent. Men vi som kjenner han veit at det er meir enn nok til å finne ut av dei aller fleste problem. Eg har faste avtaler med nokre bedrifter som leiger meg og datatenestane mine. Du kan kalle meg ein lokal IT konsulent. Oppdraga varierer mellom å skifte toner i skrivarar til å lage nytt journalsystem for bedrifter. Heile jobben min er å finne løysingar, det er det som er heile verdien og. Kundane mine held til i Ottadalen, nokre på Otta. Det siste halvåret har det vore mykje hyttefolk som skal legge inn nytt utstyr til folk som har heimekontor på hytta.

Korleis har det gått for deg i Covid 19-tida?

Covid 19 tida har vore rar og blanda. I januar og februar i år vart det lagt mykje planar og prosjekt på trådlaust nett på fleire turistbedrifter, og plutseleg måtte dei stenge… Mange hadde heimekontor. Heldigvis er det slik at mykje ligg i skya, slik at det er same kor ein jobbar ifrå. Skulane hadde og ei bratt lærekurve når dei måtte drive skule på Teams* (*digitalt verktøy for kommunikasjon på nett). I om lag 1 månad såg det rimeleg mørkt ut, det vart dårleg med oppdrag og eg var og i karantene i 14 dagar. Da måtte ein prøve å omstille seg. Det vart ein del marknadsføringsarbeid og facebook-annonsar.

Det er plass til ein liten butikk med datautstyr også hjå 5arns Data. Det vart fort tomt for webkamera. Alle leverandørar vart også tomme både for headset og kamera. Halvparten av tida mi jobbar eg ein til ein, men frå 12. mars vart tilværelsen usikker. Eg sette meg mål om å sysselsette meg og jobba flytande med dagleg support. Ein finn marknaden etter kvart.

Kva er ein typisk arbeidsdag for 5arns Data?

Telefonen opnar klokka 8.00 og da ser eg gjennom e-postar. Da er det små og store problem å løyse. Eg likar å kome meg ut for å treffe folk så eg tek meg minst ein tur ut kvar dag. Det er viktig at eg er tilgjengeleg med tenestene mine og at eg har eit lite lager med varer, slik at problem kan løysast fort. Omar har vurdert å drive nettbutikk med datautstyr, men ein må vere stor for å få gode prisar. Han er ikkje der enda.

Omar har jobba på skulen i Skjåk og bygd om det digitale der. Vi veit at han er sakna. Når ein har kontoret i stua så har ein aldri heilt fri. Dei fleste respekterer at eg og skal ha normal arbeidstid, men er det ei bedrift som treng hjelp ein kveld, så stiller eg sjølvsagt opp. Det er da problemet må løysast.

Oss frå Lien likar ikkje å bli hersa med. Vi likar å rå oss sjølve og eigarskapen med å gjere ting sjølve er viktig for oss. Han utfordrar kommunen på å setje seg inn i privat økonomistyring og avtaler. Som skjåkver blir eg fortusta over anbudsrundene som blir gjort. Eg hjelper kunden med å løyse ein tidskrevande operasjon. Det hadde vore løyst eit stort problem med å gjennomgå innkjøpsavtaler og regelverk.

Telefonmøte på Otta bestemt for telefon. Det er 400 kr billigare på den lokale butikken, men kommunen må handle på Otta for det er bare sånn det er. Ein kontorstol kostar 18.000 kr og det kjøper kommunen fordi dei må. Alle møblane på dette kontoret kostar 12.000.. Dette engasjerer tydelegvis Omar. Innkjøpsavtaler altså.

3D-skjerm På stua/kontoret til Omar er det ein glasmonter. Ein slags 3D-skjerm. Denne såg han på ei technomesse i Tyskland. Her kan ein drive med fotogrammetri. Ta 100 bilder og sette saman bilda for å få eit tre dimensjonalt bilde. Dette er så avansert at det går langt over hovudet på ein skarve kommunetilsett. Det handlar om å prøve å ligge framfor i utviklinga.

Kva for bakrunn har du?

Eg tok fagbrev i vaksen alder. Eg starta opp i transportbransjen som lastebilsjåfør, men har alltid hatt teknisk interesse og vore praktisk anlagt. Ikkje minst har eg støtt hatt interesse for data. Etter kvart ville eg ta vare på hobbyen min og sa opp jobben som lastebilsjåfør og begynte på skulen. Eg var lærling i Skjåk kommune. Enda har eg ikkje nådd inntekta eg hadde som trailersjåfør, men bygger stein på stein. Arbeidstida nå mot som sjåfør er omtrent den same. Eg er streng med meg sjølv og låser datamaskina klokka 17.00. Det er viktig å ta litt fri! Ulempa med data er at ein fort raser inn i ei rar verd. Enten blir ein gal eller så blir ein fornøgd. Det er mange i gamet som går på ein skikkeleg smell. Det krev disiplin å ikkje hamne der. Streaming og gaming er artig, men ikkje psykososialt bra dersom det blir berre dette ein held på med.

Har du råd til folk som slit i dataverda?

Det er ikkje enkelt svar på korleis ein kjem seg ut av dataverda. Ein må øve på å legge det frå seg. Det er viktig å ha eit anna liv attåt dataspelinga. Det er mange som ikkje har det. Det er ei stor utfordring. Spelekameratar må hjelpe kvarandre å finne på ting saman. Mange droppar ut av skulen og sit om natta og spelar, får store problem sosialt og mistar omgangskretsen sin. Problema berre veks og veks og til slutt klarar ein ikkje å finne seg mat sjølv eingong. Omar fortel at etter eitt år på vidaregåande skule var han på full fart inn i denne verda. Han gjekk ikkje meir skule på 10 år. Det gjekk så langt at han berre bestemte seg for at nå var det nok. Han og ein kamerat gjekk til Martin Forberg på Norsk Trafikkdirigering og fekk seg jobb. Det vart vendepunktet.

Ungane som veks opp i dag er heldige som får med seg datakunnskap frå dei er unge, men det er viktig å spole attende til tida før dataen kom. Vi må ikkje gløyme å besøkje kvarandre! Her har vi noko å lære av våre nye landsmenn. Dei går på besøk framleis.

Om eg skal råde folk som slit i dataverda til noko, så må det vera å flette inn moglegheita til å gjera noko anna kvar einaste dag og ha ei normal døgnrytme. Dette er gode råd å ha med seg for nokon og ein kvar.

Vi på næringskontoret ønskjer all mogleg lykke til med framtida og er ikkje i tvil om at dette er eit fenomenalt tilbod som vi alle kan få brukt for både i tide og utide. Dersom nokon lurar på kvifor firmaet heiter 5arns Data, så heng det saman med at Omar svelga ein femmar da han var liten. Såleis vart han kalla 5arn.

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702