Bedriftsportrettet: Dønfoss Camping

(artikkel frå juni 2017)

Bedriftsportrettet - Dønfoss Camping

 
Dønfoss Camping ligg vakkert til, rett ved den mektige Dønfossen midt i dalen – ved Øyberget Kraftstasjon og RV 15 i Skjåk. Det er Oddbjørn og Oddny Aaboen som har bygd opp denne flotte plassen til å bli ein av dei aller finaste campingplassane i Noreg. Da næringskontoret kom på besøk dreiv bestefar, Oddbjørn og fylte vatn i badebassenget saman med barnebarnet sitt. 

Drifta har gått i arv

Campingplassen har gått i arv til neste generasjon og nå er det Charlotta og Frode, sonen og svigerdottera til Oddbjørn og Oddny, som er vertskapet. Dei har budd i Oslo i mange år, men har bestemt seg for å bli skjåkverar på heiltid og bygger seg hus rett ovafor campingplassen. Her slepp vi å bruke så mykje tid på å fløtte oss frå ein stad til ein annan, slik som ein gjer i byen. Vi har mykje meir tid, seier paret. Om sommaren kan det vere travelt nok med alt som skal gjerast på ein slik plass som dette. Det er vedlikehald, vasking, rydding, kiosk og servering og mykje anna. I sommar har dei hjelp av danske og svenske ungdommar. Dei har og nokre lokale ungdommar gjennom sommarjobbprosjektet i kommunen.   

Godkjent reguleringsplan

Vi har akkurat fått godkjent reguleringsplanen for Dønfoss området og det set vi stor pris på, seier vertsparet. Det gjer at vi framleis kan utvikle området rundt oss. Plassen har vorte til ved å byggje stein på stein av foreldra mine, slik ønskjer vi å fortsetja og ikkje gape over for mykje i ein gong.    

Fasilitetar

Plassen består i dag av 14 campinghytter, 10 store og 4 småe. Dei er bygde i tradisjonell handlaft med torvtak og alt utstyr innvendig. I tillegg til hyttene har dei 5 leilegheiter, kvar på 45 m², 2 av disse har eitt soverom og 3 har to soverom. Alle er utstyrt med kjøkken utstyr, oppvaskmaskin, TV, dusj, toalett og terrasse med bord/ benker. Det er 200 oppstallingsplassar for campingvogn. For tida er det 160 som har vogna si permanent på Dønfoss. Dei fleste nyttar vogna si berre i sommarhalvåret. Det same gjeld for hyttene, medan leilegheitene kan nyttast heile året.

Badebasseng

Badebassenget er ein viktig attraksjon for turistar og lokalbefolkninga i Skjåk. Det er oppvarma vatn i bassenget og på finversdagar kryr det av folk i og rundt bassenget. Eg skjønar ikkje kor alle desse folka kjem ifrå eg, seier Frode. På slike dagar er det reine «syden-stemninga» på Dønfoss i fjellbygda Skjåk.
Serveringstilbod
Serveringstilbodet på Dønfoss er kioskvarer med kaffe, is og brus og enkel servering i kafeen. Dei har og skjenkeløyve slik at ein kjøpe seg øl til maten. Dei kjem til å halde seg til same menyen dei hadde i fjor, men Frode ser for seg at dei i framtida kan ha frukostservering til gjestane sine. Gjestene har moglegheit til og nytte seg av tilbodet som Coop marknad Bruvoll har. Der er det ope til kl 21.00 kvar kveld og er såleis eit fint tilbod til campinggjestane.

Aktivitetar

Turistane på Dønfoss går gjerne tur i nærleiken rundt plassen. Det er fleire ruter som merka og flittig brukt. Elles driv turistane både fiske, sykling og rafting. Motorcross og go-cart er svært populært, men litt vanskeleg å marknadsføre, da det ikkje er faste opningstider i Botn.
Sesongen er godt i gang for vertsfamilien på Dønfoss og vi ønskjer lykke til med sesongen og velkomne til Skjåk både til familien og turistane som tenkjer å koma hit.