Landbruk


Landbruksbilde - Klikk for stort bilete Kristen Dagsgard

 

Innovasjon Norge kan hjelpe til med utvikling av landbruksbedrifter. Fylkesmannen i Oppland har ansvaret for fleire ordningar, slik som tap av husdyr grunna rovviltskadar, organisering av beitelag m.m., investering i beiteområde. Du kan kontakte Næringskontoret for hjelp ved spørsmål rundt husdyrhald. 

Landbrukseigedom*

Næringskontoret kan ved behov hjelpe deg med søknadar om kommunale tilskot, tilskot frå Statens Landbruksforvaltning og Innovasjon Norge. Kommunen kan også hjelpe til med å planleggje/vurdere investeringar og andre bedriftsutviklingstiltak. Sjå utvida artikkel lengre ned på siden*

Rettleiing og søknadar om tilskott

Skjåk Næringsfond har fleire typer tilskott til jord- og skogbruk. Næringskontoret handsamar også søknader om stønad til Statens Landbruksforvaltning og Innovasjon Norge.

Rovviltskader

Opplever du at du mistar sau på utmarksbeite grunna freda rovvilt kan du søke Fylkesmannen om erstatning, og treng du rettleiing, kontakt næringskontoret

Beitelag i  Skjåk

  • Bråtå beitelag
  • Skjåk beite- og sankelag
  • Breheimen beitelag
  • Framruste-Glitne-Honsrøve beitelag

Landbruksvikar

Kontakt Skjåk Avløysarlag, 61 21 43 24 eller 915 23 407 

Vatningsanlegg 1

Du kan søke om tilskott til vatningsanlegg frå Skjåk Næringsfond

IMG_2419

Du kan søke om tilskot til nydyrking frå Skjåk Næringsfond

unsplashphoto_bradley-swenson-77389

Når søknadane er for små i forhold til BU-regelverket kan du søke Skjåk næringsfond om mindre tilskot til driftsbygning.

Her ligg det mykje gulrøter

Produksjonstilskot frå Staten er eit felles omgrep for ei rekke tilskotsordninger i forhold til drift av landbrukseigedomar

Luserne - viktig plante

Næringskontoret kan gje deg rettleiing i dei ulike ordningane til plantedyrking. Mattilsynet kan gje deg informasjon om regelverk, skjema, gebyr, kontakter.

Dersom du er ramma av naturskade, kan du som privatperson eller som bedrift søke om erstatning som vert dekt gjennom forsikring eller Statens Landbruksforvaltning

Statens Landbruksforvaltning og Innovasjon Norge er sentrale aktørar saman med Næringskontoret i Skjåk kommune

Avløysarordningane omfattar tilskot til avløysing ved ferie, fritid og tilskot til avløysing ved sjukdom