Nydyrking

Dersom du ønsker å dyrke nye areal til jordbruksføremål må du søke kommunen om godkjenning. Dette er heimla i forskrift om nydyrking. Formålet med forskrifta er å sikre at nydyrking skjer på ein måte som tek omsyn til natur- og kulturlandskapsverdiane. 

Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark blir ikkje rekna som nydyrking. 

Les meir om reglane for nydyrking og korleis du søker på Landbruksdirekotratets nettside

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496