Spesielle miljøtiltak i Landbruket (SMIL)

Søknadsfristen SMIL- midlane er 1. juni

Spesielle miljøtiltak i Landbruket – SMIL-midlar

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket, utover det som er forventa gjennom vanleg landbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.
 

Det kan søkjast tilskot til:

  • Kulturlandskapstiltak
  • Planleggings- og tilretteleggingstiltak
  • Forureiningstiltak

Kven kan søkje?

  • For å få innvilga tilskot er det vilkår om at tiltaket skal gjennomførast på ein landbrukseigendom, og det må foregå ein tilskotsberettiga jordbruksproduksjon på landbrukseigedomen. Eigar som sjølv ikkje driv areala, kan søkje om tilskot dersom det blir drive tilskotsberettiga jordbruksprodukson på eigedomen. Leigetakar til det tilskotsberettiga arealet kan og søkje dersom det føreligg godkjenning frå eigar
  • Søkjar må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eid og leid jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminner, områder som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoffar og andre forhold av miljømessig betyding skal være kartfesta og skildra.
  • Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga."
Søknadsfristen for SMIL- midlane er 1. juni kvart år. Meir om SMIL-ordninga kan du lese her. 

(Søknadar skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn)
 

 
 

Kontakt

Kari Hånsnar
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 991 62 602