Om landbrukskontoret

Klikk for stort bilde Landbruk er ei viktig næring i Lom og Skjåk, og står for ein vesentleg andel av sysselsetjinga i kommunane. Det er totalt 280 føretak som søker produksjonstilskot, og dei aller fleste av desse er husdyrprodusentar. Til saman driv desse føretaka om lag 46 000 dekar jordbruksareal. I tillegg er det betydelege utmarksareal som blir beita av sau, geit og storfe sommarstid. Dette bidreg til å oppretthalde det flotte kulturlandskapet i fjell og dal.  

Felles landbrukskontor for Lom og Skjåk vart etablert 1. september 2018. Det er Skjåk som er vertskommune for samarbeidet. Landbrukskontoret forvaltar lovar, forskriftar og verkemeddel i landbrukspolitikken som gjeld for jordbruk og skogbruk. Ei viktig oppgåve er å rettleiie brukarar av tenestane, og gjere den faglege kompetansen tilgjengeleg for næringsutøvarar i kommunane. 

Landbrukskontoret skal fremje ei berekraftig forvaltning av jord- og skogressursar som skapar verdiar og sikrer produksjonsgrunnlag, og som tek omsyn til miljø- og kulturverdiar. Kontoret skal stimulere til næringsutvikling på den enkelte eigedom, både innan tradisjonelt landbruk og andre næringar med tilknyting til landbrukseigedomar.

Du finn oss i andre etasje på kommunehuset i Skjåk. Velkommen innom! 

Opningstider: Man-fre 08:00 - 15:30

 

Tilsette ved landbrukskontoret 

 

Namn

Stilling

Telefon

Erling Dagsgard

Jordbrukssjef

909 99 496

Kristin Smågård

Jordbruksrettleiar

932 29 458

Marianne Stensgård

Næringskonsulent

909 41 702

Rolv Rusten

Fagkonsulent landbruk

917 32 976

Kari Hånsnar

Landbrukskonsulent

991 62 602

Per Ekre

Skogbrukssjef

958 26 661

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496