Gjødslingsplan

Krav om gjødslingsplanlegging gjeld alle føretak som driv plantedyrking og som har rett på produksjonstilskot. Gjødslingsplanlegging har som formål å gje grunnlag for kvalitetsmessig god avling, avgrense avrenning til vassdrag og tap til luft av næringsstoff frå jordbruksarealer. Gjødslingsplanlegging skal sikre ein ressursmessig riktig utnytting av næringsstoff i jordsmonnet og frå mineralgjødsel, husdyrgjødsel, slam og anna organisk og uorganisk gjødsel.

Forskrift om gjødslingsplanlegging stiller krav til at det skal utarbeidas gjødslingsplan før kvar vekstsesong. Føretak som disponerar husdyrgjødsel frå meir enn 5 gjødseldyreiningar skal ha ein årleg gjødslingsplan. For føretak som har ein enkel driftsform, liten variasjon i arealbruken eller ekstensiv driftsform, slik at gjødslingsbehovet varierer særs lite for dei enkelte skifta frå år til år, kan gjødslingsplanen vare i inntil 5 år når dette godkjennas av kommunen.

Gjødslingsplanen skal omfatte alt jordbruksareal som føretaket disponerer. 

Representative jordprøver skal i hovudsak takas kvart 4. – 8. år, og det skal minimum rekvireras analyser for pH, fosfor, kalium, glødetap eller gis skjønnsmessig vurdering av moldinnhald. Jordprøvene skal analyseras ved eit laboratorium som deltek i og har bestått ringtest for jordanalyser. For jordleie skal det føreligge jordprøver seinast 2. året i leigeavtala, ev. 2. året på rad med eitt års leiekontrakt.

Føretak med husdyr, eller føretak som får tilført husdyrgjødsel, slam eller annen organisk gjødsel, skal berekne forsvarlig mengde forbruk av dette for kommande vekstsesong. I gjødslingsplanen skal denne mengda fordeles på jordbruksarealet i samsvar med føretakets spreieareal og slamplan. 

Gjødslingsplanen skal innehalde ei kartskisse, med oppgjeve målestokk, som tydelig viser skifteinndelinga. Planen skal setjas opp skiftevis, og følgjande opplysningar skal vere oppgjeve for kvart enkelt skifte:

  • Jordbruksareal i dekar
  • Jordart og jordanalyser for pH, fosfor, kalium og moldinnhald
  • Forgrøde
  • Årets vekst
  • Forventa avlingsnivå pr. dekar
  • Årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium pr. dekar
  • Husdyrgjødsel, slam og anna organisk gjødsel
    • Type
    • Mengde pr. dekar og antatt spreietidspunkt.
  • Mineralgjødsel
    • Type
    • Mengde pr. dekar og antatt spreietidspunkt.

Gjødslingsbehovet skal avpassas etter følgjande kriterier:

  • Jordprøveresultat for fosfor, kalium og moldinnhald
  • Vekst og gjødslingsnormer for distriktet
  • Avlingsnivå ut i frå eige dokument eller anslege erfaringar for kvart enkelt skifte
  • Forgrøde

Ta kontakt med Norsk Landbruksrådgiving dersom du ønsker hjelp til å utarbeide gjødslingsplan. 

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496
Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar
Mobil 932 29 458