Plantevern

Bruk av plantevernmiddel

Bruk av plantevernmiddel er regulert gjennom forskrift om plantevernmidler  Mattilsynet sin veileder til forskriften gir ein oversikt over forståelsen av viktige bestemmingar for deg som bruker plantevernmiddel. Veiledaren omhandlar og kjøp og bruk av gnagarmiddel i landbruket. 

Veiledar til forskrift om plantevernmidler (PDF, 2 MB)

 

Autorisasjon for bruk og kjøp av plantevernmiddel

Alle som vil kjøpe eller bruke plantevernmiddel i yrkesmessig samanheng må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. Autorisasjonen gjeld for 10 år frå avlagt prøve. Ved fornying gjeld same krav som ved utferd fyrste gong. 

Kurset for dei som skal ha autorisasjonsbevis for fyrste gong består av eit teoretisk kurs, ein obligatorisk praksisdag og eksamen. For dei som skal fornye autorisasjonsbeviset består kurset av eit obligatorisk teorikurs samt ein avsluttande oppgåve. 

Ved fornying av autorisasjonsbeviset er det mogleg å gjennomføre kurset heime på eigen pc gjennom ei nettbasert løysing. Meir informasjon om det nettbaserte kurset finn du på Mattilsynet sine nettsider

Det er Mattilsynet som forvaltar regelverket for bruk av plantevernmiddel, og organiserer utsending av autorisasjonsbevis. For at du skal få eit autorisasjonsbevis må du kontakte landbrukskontoret da vår rolle er å vurdere kven som er berettiga autorisasjon. 

Sprøytejournal

Etter forskrifta er det krav til journalføring for alle som bruker plantevernmiddel. Journalføring er viktig for å kunne dokumentere kva du har sprøyta med og kva for tiltak du har gjennomført. Journalane kan føres på pc/nettbrett, i noteringsbok eller tilsvarande. I veiledaren til forskrift om plantevernmidler finn du informasjon om kva plantevernjournalen skal innehalde. 

Veiledar til forskrift om plantevernmidler (PDF, 2 MB)

 

Norsk Landbruksrådgiving har utarbeidd ein mal for plantevernjournal som er tilgjengeleg for nedlasting. 

 

 

 

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496
Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar
Mobil 932 29 458