Landbruksvegar

Løyve til bygging/ombygging av landbruksvegar skal behandlast etter Landbruksvegforskrifta og blir behandla av landbrukskontoret.

Nybygging og ombygging av landbruksvegar er søknadspliktig og må godkjennast av kommunen før bygging. Oppgradering/utbedring til betre vegklasse etter "Normaler for landbruksveier" må også godkjennast av kommunen.

Søknad om godkjenning sendast på eige skjema

Landbrukskontoret må legge søknaden fram for andre relevante fagområde i kommunen og kulturminne-/miljømyndigheiter. Det kan derfor ta opp til 2-3 månader før svar blir gitt.
Det kan søkast om statleg og kommunalt tilskot til nybygging og opprusting av skogsvegar. Ta kontakt med landbrukskontoret for info om tilskotssatsar.

Meir informasjon finn du her:

Kontakt

Per Ekre
Skogbrukssjef Vågå, Lom og Skjåk
Telefon 61 29 36 74
Mobil 958 26 661