Tilskotsordningar

Det blir gjeve tilskott til skogbrukstiltak frå staten (NMSK) og kommunen, for å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket. For å kunne få tilskott må tiltaka må vere skogbruksfagleg, økonomisk og miljømessig forsvarleg utført. Dokumentasjon for mengde/omfang, kostnad og kartfesting av tiltak må framleggjast.

Klikk for stort bilde

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Føremålet med tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det ut frå regionale og lokale prioriteringar blir stimulert til auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne blir tatt vare på og vidareutvikla.

Det er kommunane og fylkesmannen som har saksbehandlaransvaret for tilskotta, og som lagar retningsliner for tilskott. 

I 2018 er det NMSK-tilskot til desse tiltaka: 

  • Markberedning 
  • Ungskogpleie 
  • Manuell 1. gongs tynning i h.kl III med underskot
  • Taubanedrift 
  • Hestedrift 
  • Bilveg, nyanlegg og opprusting 
  • Traktorveg nyanlegg

Ta kontakt med landbrukskontoret for info om tilskotssatsar. 

Tilskotssøknadar må sendast landbrukskontoret så snart som råd etter at tiltaket er utført. Dersom kommunanes tildelte pott til statstilskott er brukt opp, vil søknaden ha prioritet neste år.

Frist for søknad om tilskott til skogkultur med satsar og reglar inneverande år er 1. desember.

Søknadsskjema for å søke tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Les meir om ordninga på Landbruksdirektoratets nettside og Fylkesmannen Innlandet si nettside

 

Kommunale tilskot

Skjåk næringsfond kan gje tilskot til:

  • Bygging av skogsvegar
  • Avvirkning
  • Drift i mellomvanskeleg terreng

Reglar og vilkår for tilskot finn du i vedtektene for næringsfondet (PDF, 620 kB)

Tilskotskjema for skogbruk (PDF, 265 kB)

 

Lom næringsfond kan gje tilskot til:

  • Avvirkning
  • Drift i mellomvanskeleg terreng 
  • Skogbruksvegar

Reglar og vilkår for tilskot finn du i retningslinjer for næringsfondet (PDF, 183 kB)

Kontakt

Per Ekre
Skogbrukssjef Vågå, Lom og Skjåk
Telefon 61 29 36 74
Mobil 958 26 661