Drenering

Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søkje om tilskot til drenering. Føremålet med tilskotsordninga er å auke kvaliteten på tidlegare drøfta jordbruksjord ved å gi tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. 

Tilskot kan gis til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Planerte areal er unntatt fra vilkåret om at arealet tidlegare skal ha vore grøfta.

Tilskot kan ikkje gis der tiltaket medfører vesentleg skade for anna eigedom og naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining, eller fare for skade på automatisk freda kulturminne. Tilskot kan heller ikkje gis der tiltaket er byrja på før tilskotet er innvilga.  

Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer kr 2000 per dekar. Ved anna grøfting kan det gis kr 30 per løpemeter grøft begrensa oppad til kr 2000 per dekar. 

Meir om ordninga og korleis du søkjer på Landbruksdirektoratets nettsider

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496
Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar
Mobil 932 29 458