Investeringsstøtte

Innovasjon Norge forvaltar midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Formålet med midlane er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, samt bidra til sysselsetjing, busetjing og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i landbrukets ressursar generelt og landbrukseigedomen spesielt. Midlane er det viktigaste økonomiske verkemiddelet for å bidra til næringsutvikling i, og i tilknyting til landbruket.

Innovasjon Norge kan løyve investeringsmidlar til driftsbygningar innan tradisjonelt landbruk, utvikling av bedrifter som driv med tilleggsnæring på garden, og produksjon av bioenergi.  

Søknadsfrist: Ingen søknadsfrist, søknadene blir behandla fortløpande. 

Les meir om investeringsmidlar i landbruket på Innovasjon Norge sine sider

Prioritering for landbruksmidlar i Hedmark og Oppland i 2019

Kontakt

Marianne Stensgård
Næringskonsulent
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702
Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496
Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar
Mobil 932 29 458