Produksjonstilskot i jordbruket

Klikk for stort bildeProduksjonstilskot er ei felles nemning for fleire ulike tilskotsordningar som foretak som driv vanlig jordbruksproduksjon kan søke på. Føremålet med produksjonstilskot etter forskrifta er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk innanfor dei målsetjingar Stortinget har trukke opp. Det er delmål for kvar ordning, mellom anna å styrke og jevne ut inntektene mellom ulike produksjonar, skjøtte kulturlandskapet og stimulere til beiting. Tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ei refusjonsordning som skal gje jordbruksføretak moglegheit til å ta ut ferie og fritid.

Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane:

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Tilskot for husdyr
  • Tilskot for dyr på beite
  • Tilskot for dyr på utmarksbeite
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrraser
  • Arealtilskot til økologisk landbruk
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønnsaker

Du søker også om tilskot til avløysing ved ferie og fritid i same søknadsskjema. 

Det er to søknadsfristar og ei utbetaling av produksjons- og avløysartilskot per år. Søknadsfrist for del 1 av søknaden er 15. mars, med teljedato 1. mars. Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15. oktober, med teljedato 1. oktober. Ved del 1 av søknaden er det husdyrprodusentar som kan levere søknad. Ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.

Les meir om ordninga på Landbruksdirektoratets nettsider

Det er landbrukskontoret som behandlar søknadar om produksjonstilskot. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til ordninga eller ønsker rettleiing til søknaden. 

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496
Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar
Mobil 932 29 458