Regionale miljøtilskot

Klikk for stort bildeRegionalt miljøprogram beskriv utfordringar og mål for jordbruket på miljø- og klimaområdet. Jordbruket i Innlandet skal oppretthalde eit variert og ope kultur- og seterlandskap, samt bevare og utvikle natur- og miljøverdiane gjennom aktiv skjøtsel og bruk av ressursgrunnlaget. Jordbruket i Innlandet skal drivast miljøvenleg og med god agronomi som tek vare på produksjonsgrunnlaget og reduserar forureining og klimagassutslepp per produsert eining. 

Dei regionale miljøtilskota er årlege tilskot til tilskotsformål som er definert i eiga forskrift. Desse er mellom anna:

  • Drift av bratt areal
  • Drift av beitelag 
  • Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark (gjeld for Bøverdalen)
  • Slått av slåttemyr og slåttemark
  • Skjøtsel av biologisk verdifulle areal
  • Sonar for pollinerande insekt
  • Drift av seter (NB! Minst seks veker per sesong)
  • Skjøtsel av freda kulturminner
  • Skjøtsel av jordbruksareal i seterområder
  • Ingen jordarbeiding om høsten (gjeld kun enkelte vekster)
  • Spreiing av husdyrgjødsel etter definerte vilkår
  • Ugrasharving i åker

Alle jordbruksføretak som har rett på produksjonstilskot kan søkje på desse, og tilskota blir tildelt etter standardvilkår og faste satsar til alle som tilfredsstiller vilkåra. I tillegg kan organiserte beitelag søkje om tilskot til årleg drift, basert på talet på dyr sleppt på beite i utmark.  

Søknadsfrist: 15. oktober 

Søknadsfrist organisert beitebruk: 15. november 

Les meir om regionale miljøtilskot og korleis du søker her: ​​​​​​​

Kontakt

Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar
Mobil 932 29 458
Erling Dagsgard
Jordbrukssjef
Mobil 909 99 496