Spesielle miljøtiltak i Landbruket (SMIL)

Klikk for stort bilde 

Spesielle miljøtiltak i Landbruket – SMIL-midlar

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket, utover det som er forventa gjennom vanleg landbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.
 

Det kan søkjast tilskot til:

  • Kulturlandskapstiltak
  • Planleggings- og tilretteleggingstiltak
  • Forureiningstiltak

Kven kan søkje?

  • Tilskot kan innvilgast til føretak der det er ein tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedomen, og som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 2 og § 3 eller § 4. Så lenge desse vilkåra er oppfylt, er det ikkje noko krav at søkjar, eller leigetakar i dei tilfella eigar har leigd bort arealet, mottek produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.
  • Søkjar må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eid og leid jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminner, områder som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoffar og andre forhold av miljømessig betyding skal være kartfesta og skildra.
  • Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga."
 
Søknadsfristen for SMIL- midlane er 1. juni kvart år. Meir om SMIL-ordninga kan du lese om her. 

(Søknadar skal frå og med 2019 sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn)
 

 
 

Kontakt

Kari Hånsnar
Landbruk og kultur
Mobil 991 62 602