Tilskot til tiltak i beiteområde

Klikk for stort bildeKu på beiteSøknadsfrist er 1. juni.

Tilskot til tiltak i beiteområde

Føremålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. 

Beitelag for småfe og storfe eller enkeltføretak som har rett til produksjonstilskot, og som driv næringsmessig beitedrift, kan få støtte til investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt i beiteområder. 

Meir informasjon om ordninga finn du her

Søknadsfrist er 1. juni. Søknad skjer elektronisk via Altinn med bankID. 
Link til søknadsskjema kan du sjå her.

Vedlegg: Retningsliner tilskot til tiltak i beiteområde Skjåk kommune (PDF, 342 kB)

For meir informasjon, sjå heimesidene www.skjaak.kommune.no og www.lom.kommune.no. 
Kontaktperson Kari Hånsnar, epost: kari.hansnar@skjaak.kommune.no tlf: 991 62 602