Bedriftsportrettet- Bøstugu

(artikkel frå nov.2016)

Bøstugu 

Bøstugu ligg som eit smykke rett ved RV 15 i Bismo. Huset vert nytta som galleri på sommaren og som eksklusiv gåvebutikk gjennom heile året. Det er Mathilde Skamsar som både eig og driv staden.
Foreldra til Mathilde sette opp Bøstugu på slutten av 60 talet. Huset kjem frå garden Bø i Lom, derav namnet. Bygningen vart nytta som utsal og utstillingslokale for det som far henna, Mathias Skamsar, produserte av treskjering og brukskunst. Han har laga alt frå skorne grautembarar og golvklokker til framskåp. Det var mor hennar som hadde hovudansvaret for drifta av butikken. 
 

Kunstinteresse frå både arv og miljø

Mathilde gjekk kunstlina på gymnaset på Lillehammer og har heile tida hatt interesse i den retninga. Ho tok over bedrifta i 1987 og har sidan da drivi og utvikla Bøstugu. 2. etasjen i bygningen hadde fram til da ikkje vore i bruk. Ho realiserte draumen om å lage eit galleri, for kunstnarar som er knytt til Skjåk på ein eller annan måte. Skjåkutstillinga, som ho vert kalla, har 30 års jubileum neste år. Her har det vore synt fram mykje flotte kunstverk opp gjennom åra.  
 

Skinnfellsaum

På familiehytta på Aursjoen er det ein gamal skinnfell. Denne har inspirert Mathilde til å begynne med skinnfellsaum. Ho kjøper feller frå Granberg garveri og syr feller av ulike slag. Det er vottar, sitteunderlag og større arbeid som fellar til gyngestolar og senger. Far hennar har skore ut trykkblokker, slik at produkta frå Mathilde blir heilt unike. Medan næringskontoret sine utsendingar var der, fekk ho ei bestilling på ein dåpsfell. Ho set på namnet og dato til dåpsbarnet slik at det blir ei svært unik gåve som kan vare faktisk gjennom heile livet. Skinnfellsauming er ein gamal tradisjon både i Skjåk og andre plassar. Ho fortalde at mellom anna Partapoulis sydde fellar av reinsskinn og at det ofte var karar som dreiv med dette før i tida.  
 

Eksklusiv gåvebutikk

Fyrste etasje av  Bøstugu vert nå drivi som ein eksklusiv gåvebutikk med, for det meste, innkjøpte varer. Tidlegare var det mor til Mathilde, Live Skamsar, som var fast i butikken og som fungerte som limet i bedrifta. Ho gjekk burt i 2010 og er framleis sakna. Ofte kjem det kundar innom som framleis spør etter ho, sjølv om det er mange år sidan ho gjekk burt. I sumarsesongen er det ope kvar dag og elles i året er Bøstugu ope kvar fredag og laurdag. Det er utfløtte ottadølar som er den største kundegruppa hennar, utanom lokale kundar.  Mathilde er glad ho eig lokala som ho driv i og ho har heller ikkje store lønsutgifter. Dette gjer at det går an å halde liv i ein slik butikk som Bøstugu. Men ho oppmodar til at lokale kundar nyttar butikkane som er her, for at vi skal behalde dei.  Det er viktig med eit mangfald å velje i av butikkar og her i norddalen kan vi få kjøpt det aller meste, meiner Mathilde. Ho har fått inn mykje nye varer i det siste, og nyttar sosiale media som marknadsføringskanal. Ho skryt og av lokalavisa som har vore flinke til å lage omtale, særleg av galleriet hennar.

 

Blir ikkje arbeidsledig med mange gamle hus

Far til Mathilde har samla på gamle hus og Mathilde har stått for restaurering av fleire desse. Mellom anna har Bøstugu fått isolert tak og nokre nye vindauge. Dette med litt støtte frå Skjåk kommune sitt næringsfond. Mathias har ein snikkerverkstad med ei heilt spesiell og autentisk atmosfære. Dette har også fått nytt tak og kan stå i mange år til. Mathilde ser moglegheiter både i dette og fleire av dei andre husa. Som ho seier: « Ein blir ikkje arbeidsledig når ein har mange gamle hus.» Næringskontoret takkar for at vi fekk kome og tør å påstå at det er mykje verdt at folk som Mathilde ser nytte i å ta vare på desse gamle husa og fyller dei med innhald. Dei representerer ein viktig del av kulturhistoria vår.