Bedriftsportrettet- Glasopor

(artikkel frå 2016)

Bedriftsportrettet- Glasopor

Når ein kjem inn i lokala til Glasopor i Skjåk, slår det ein at her var det nytt og flott. «Fyrsteinntrykket er viktig, veit du» seier Inge Gjerdet, han jobbar som produksjonsleiar i bedrifta. Han tek vel imot utsendte frå næringskontoret og miljø og næringsutvalet. Han og gründeren og fabrikk og utviklingssjefen, Svein Gudbrand Lund, fortel om korleis dette industrieventyret starta.
 

Historikk

Etter mange år i jobben hadde byggmester Svein G. Lund begynt å slite med ryggen, og han begynte å tenke på å finne på noko nytt. I 2002 slutta han i byggebransjen og starta opp den fyrste glasopor fabrikken i heimbygda si. Miljøtankegangen har heile tida vore i bakhovudet og sjølve bygga er også resirkulerte. Administrasjonsbygget var før havnefogden sitt kontor i Oslo, og hallen var tidlegare eit bussvaskeri på Lillestrøm. Sidan den spede starten i 2002 har Glasopor vakse seg frå ei lita gründerbedrift til ei million bedrift med miljø og bærekraft i fokus.
 

Kva er Glasopor?

Glasopor er eit lettfyllings- og isolasjonsmateriale som vert laga av resirkulert emballasjeglas. Før var det mest knuste glaset som vart levert til gjenvinning eit problem fordi det ikkje er mogleg å produsere ny glasemballasje av det, men med utviklinga av Glasopor kunne dette materialet i staden kome til nytte, og samtidig løyse problematiske byggeprosjekt. 
 

Eigenskapar for Glasopor er:

  • lav eigenvekt, består av 20 % resirkulert glas og 80 % luft. Det går 180 kg på ein kubikkmeter.
  • svært stabilt og overflata på Glasopor er ru og dette saman med at det har ei kubisk form gjer at produktet er svært stabilt og har ein rasvinkel på 45 %.
  • Miljøvenleg og består av 100 % resirkulert glasemballasje, samla inn frå hushaldningar i heile Noreg. Glasopor blir produsert av sertifisert stuttreist straum.
  • Isolerande. Produktet består av 80 % luft noko som gjer produktet godt egna til isolering.
  • Drenerande. Det er grovt materiale som har drenerande eigenskapar.
 

Utvikling av bedrifta.

Dei unike eigenskapane til Glasopor gjer det spesielt godt egna for den norske marknaden med vanskelege grunnforhold, og røft klima med store temperatursvingingar. For å overtyde byggebransjen om at Glasopor var vegen å gå, reiste Lund rundt til byggeplassar og demonstrerte materialet i praksis. Det fyrste året hadde den vesle bedrifta åtte tilsette og omsette for 600 000 kroner.
 
I 2006 kjøpte Norsk Glassgjenvinning, som har kontrakt med alle kommunane i landet om innsamling av glas- og metallemballasje, seg inn som investor i Glasopor. I 2012 tok dei over heile verksemda, og ekspanderte same året med ein fabrikk nummer to. Denne ligg i Onsøy utanfor Fredrikstad, og er direkte knytt til gjenvinningsanlegget der innsamla glasavfall frå heile landet vert samla. Det finaste glaset blir til ny emballasje, resten blir glasopor.
 
I dag omsett selskapet for omlag 100 millionar kroner i året på Glasopor skumglass, og har over 30 tilsette i produksjonen Skjåk og Fredrikstad. 14 av desse arbeider i Skjåk, og bedrifta sysselsett enda fleire indirekte gjennom blant anna transportsektoren. Lund er svært medveten om å nytte lokale tenester og varehandel for å bevare shillingane lokalt, som han seier. Dette utgjer opp mot 12-15 millionar kroner i året. Til og med kaffen vert kjøpt lokalt, og det går ein del kaffi i Glasopor sine lokalar. 
 

Internasjonal  merksemd for miljøprofil

Miljøfokuset er fortsatt ein viktig del av Glasopor, og i fjor kutta fabrikken i Skjåk CO2-utsleppa heilt og reduserte den samla energibruken sin med 30 % ved å bytte ut dei gassdrivne smelteomnane og gå over til ”stuttreist” straum. Skjåk Energi kan levere og har i dag den billigaste straumen. Det grøne skiftet er eit moteord som blir nytta mykje nå for tida. "Her er det 90 % som pratar om det og 10 % som gjer noko med det", seier Svein Gudbrand. Nyleg vart Glasopor nominert som ein av tre bedrifter i verda til Kanthal Award, ein stor innovasjon og miljøpris. Dei nådde ikkje heilt opp, men det er fantastisk at ei bedrift i Skjåk blir internasjonalt anerkjent på denne måten. Lund fortel at dei var i Amerika under utdelinga av prisen. Sjå nominasjonsfilmen her.

 

 

Nokre nøkkel tal

  • Glasopor omdannar i snitt 65 tonn med returglas i døgnet.

  • Det går 2 tankbilar i døgnet til Skjåk med råvarer, 7 dagar i veka.  

  • Glasopor som blir frakta ut til kundar utgjer 3,5 vogntog i døgnet i snitt. Dette vil si at Glasopor har  5,5 vogntog på vegen kvart einaste døgn i året.

  • Saman med vår søsterfabrikk i Fredrikstad, er produksjonskapasiteten av Glasopor 250 000 m3 i året

  • Det er drift 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka.

Utfordringar

"Vi må heile tida ligge føre og prøve å sjå inn i glaskula for å fornye oss", seier Svein Gudbrand. Når marknaden treng nye produkt, må dei lagast. Da gjeld det å vere tidleg ute. Arealet vi har rundt fabrikken er for lite. Dette har vore ein flaskehals i mange år for Glasopor, og nå håpar Lund og Gjerdet at det kan bli ei løysing på dette problemet. Det er synd om utviklinga av Glasopor må skje utanfor bygda fordi det skortar på areal. Bedrifta saman med Skjåk Kommune og også andre private aktørar har engasjert seg i denne problemstillinga, og vi har stor tru på ei god løysing, seier Svein G. Lund.
 
Vi takkar for oss, og slår nok ein gong fast at det er eit fenomenalt variert og spennande næringsliv i Skjåk.