Alkoholsal og skjenking

Klikk for stort bilde

Salg, skjenking og tilvirkning av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av bevilling etter Alkokolhollova og etter Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk.

Ambulerande skjenkeløyve

Ambulerande skjenkeløyve er eit løyve som tildelast for bestemte arrangement. Løyvet kan tildelast arrangørar av slutta lag, til dømes eit gjestebod. Ein løyvehavar for øl og vin, eller ein serveringsstad kan og tildelast ambulerande skjenkeløyve for slutta lag. Skjåk kommune har 5 ambulerande skjenkeløyver. Søknad om ambulerande skjenkeløyve sendast Skjåk kommune for handsaming.

Søkar må vere er over 20 år og gjera seg kjend med reglarfor skjenking.

Næringsdrivande 

Næringsdrivande kan søke om skjenkeløyve eller salsløyve for alkohol i ei bedrift. Kommunen skal godkjenne ein styrar og ein nestansvarleg. For å få løyve må styrar og stedfortreder ha bestått Kunskapsprøva i Alkohollova. Styrar og stedfortreder skal vere over 20 år og godkjennast av kommunen.Kommunestyret har gjeve mindre bedrifter dispensasjon frå kravet om nestansvarleg.

Søknad om løyve for sal av alkohol skal sendast kommunen for handsaming. Ved vurdering av søknad om løyve om sal av alkohol, skal det i hovudsak takast alkoholpolitiske omsyn. Løyvet blir gjeve for ei 4 års periode. Nytt løyve blir tildelt innan juni når eit nytt kommunestyre tiltrer. Bedrifta må søke nytt løyve når 4-årsperioda er over. 

Formannskapet er tildelande myndigheit i Skjåk.

Fant du det du leitte etter?