Skogbruk

Skogbrukssjefen for Vågå, Lom og Skjåk handsamer saker og søknadar om tilskott i skogbruket

Tilskot frå Statens Landbruksforvaltning

Statens landbruksforvaltning er nasjonal fagmynde på skogbruksområdet.

Skogbrukssjefen

Tenesta skal stimulere og leggje til rette for skogbruksnæringa slik at alle skogbrukarar får rettleiing og hjelp til å nytte dei ulike tilskottsordningane som er i skogbruket. Det er vidare ei prioritert oppgåve å arbeide for næringsutvikling i skogbruket ved mellom anna å arbeide for utvikling av sortiment, omsetjingsformer og produkt som er tilpassa tømmerkvaliteten i Nord-Gudbrandsdalen.

Kommunen er det offentlege forvaltningsorganet som skogeigaren skal kontakte for å ordne saker som til dømes frådeling av skogareal, oppdyrking av skogsmark, bygging av skogsvegar og løyve til hogst i vernskog.

Skogbrukssjefen har kontordag i Skjåk fyrste onsdag kvar månad.

Kontakt

Per Ekre
Skogbrukssjef Vågå, Lom og Skjåk
Telefon 61 29 36 74
Mobil 958 26 661