Tilskot til skogbruk

Tilskot til skogbruk

Det blir gjeve tilskot til skogbrukstiltak frå staten (NMSK) og kommunen for å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket. For å kunne få  tilskot må tiltaka må vera skogbruksfagleg, økonomisk og miljømessig forsvarleg utført. Dokumentasjon for mengde/omfang, kostnad og kartfesting av tiltak må framleggast.


Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Føremålet med tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det ut frå regionale og lokale prioriteringar blir stimulert til auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt  til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminner blir tatt vare på  og vidareutvikla.
Det er kommunane og fylkesmannen som har sakshandsamaransvaret for tilskota, og som lager retningslinjer for tilskot. 


I 2017 er det NMSK- tilskot til desse tiltaka: 

  • Markberedning 
  • Ungskogpleie 
  • Manuell 1. gongs tynning i h.kl III med underskot
  • Taubanedrifter 
  • Hestedrift 
  • Bilveg, nyanlegg og opprusting 
  • Traktorveg nyanlegg

Ta kontakt med landbrukskontoret for info om tilskotssatsar. 
Tilskotssøknadar må sendast landbrukskontoret så snart som råd etter at tiltaket er utført. Dersom kommunenes tildelte pott til statstilskot er brukt opp, vil søknaden ha prioritet neste år.  1. desember er frist for søknad om tilskot til skogkultur med satsar og reglar inneverande år. Her finn du søknadsskjema for å søke tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Les meir hos Statens Landbruksforvaltning og Fylksemannen i Oppland


Klimatilskot til tettare planting og gjødsling av skog

Også i 2017 vert det gjeve tilskot til tettare planting og til gjødsling av skog som klimatiltak for å auke CO2-bindinga i skog.
Planting: Det vert det gjeve tilskot 80% tilskot for planting av inntil 50 planter meir enn miste godkjente plantetal for boniteten. Les meir her: Landbruksdirektoratet om tilskuddsordninga "Tettere planting".   

Det er også tilskot til suppleringsplanting for  inntil 50 planter pr. daa. Det er krav om at plantetalet da kjem over minste godkjente plantetal. Tilskotssatsen er 60%.
Frist for å levere søknad til kommunen er 1. august for vårplanting og 7. november for haustplanting.

Gjødsling av skog: Det blir det gjeve 40% tilskot til tiltaket.. 
Les meir her: Landbruksdirektoratet om tilskuddsordninga "Gjødsling av skog"
 

Kontakt

Per Ekre
Skogbruksjef Vågå, Lom og Skjåk
Telefon 61 29 36 74
Mobil 958 26 661