Tilskot til skogsvegar

Du kan søke tilskot til skogsvegar frå Skjåk Næringsfond.

Reglar for kommunalt tilskot til skogsvegar

  • § 1. Tilskotet gjeld både nybygging og ombygging av eksisterande veg. Ved ombygging er det krav at vegstandarden skal hevast minst ei vegklasse.  Tilskotet gjeld berre privatskogbruket.
  • § 2. Vegen skal vera planlagt av fagfolk og godkjent av kommunen før tilskot kan løyvast.
  • § 3. Vegen skal byggjast i samsvar med "Normaler for landbruksveier med byggebeskrivelse" utgjeve av Landbruksdepartementet i 1997.
  • § 4. Minste kostnadsgrunnlag for eit vegprosjekt som det kan søkjast tilskot til er kr 10 000.
  • § 5. Det kan gjevast tilsegn om tilskot på inntil 20 % av godkjent kostnadsoverslag. Felles veganlegg vil bli prioritert, og det vil ikkje bli gjeve tilskot til enkeltanlegg der det ligg til rette for felles veganlegg.  Eit eventuelt statstilskot (NMSK) går til frådrag på det kommunale tilskotet.  Tilskotet blir utbetalt etter at vegen er godkjent av kommunen. Faktiske dokumenterte kostnader ligg til grunn for utbetalinga av tilskotet.
  • § 6. Søknad om tilskot blir behandla fortløpande. 
  • § 7. Det er eit vilkår at interessentane held vegen vedlike.
  • § 8. Tilskot blir berre gjeve til veganlegg der dei miljøomsyn som er nedfelt i skogbrukslova/naturmangfoldlova med forskrifter blir fylgd. 

Søknad om tilskot til bygging/ombygging av landbruksveg  finn du her (PDF, 234 kB)