Bedriftsportrettet - Pål Eiesar

(artikkel frå 15. febr. 2016, gamal heimeside)

Geitebruk i Skjåk

Statistikken fortel at geitehaldet har hatt stor betyding for jordbruket i Skjåk, særleg i krisetider. I 1959 var Skjåk den nest største geitekommunen i landet, med 2622 geiter. Det var berre Aurdal i Sogn som var større, med 3422 geiter. Etter det har talet jamt gått nedover. På telledato den 31.07.2015 var det tre produsentar av geitemjølk med totalt 309 geiter. Tre produsentar hadde ammegeiter for spesialisert kjøttproduksjon med totalt 83 vaksne geiter. Næringskontoret har besøkt ein fersk geitebrukar, Pål Eiesar, som tok over garden etter far sin den 1. august i 2015.

Produksjon

Drifta på Eiesar består av mjølkeproduksjon på ku og geit. Pål har leigd geitemjølkekvota på nabogarden i tillegg til si eiga. Da vi stakk innom, var kjeinga i full gang, og det var eit yrande liv i fjøset. Godt over 2/3 av 170 geiter hadde kjea, og killingane hoppa og spratt slik berre killingar kan.

Generasjonsskifte

Vi spurde den unge gardbrukaren kvifor han valde dette yrket. Han hadde fast jobb som snikkar før han tok over garden. Han meiner sjølv at han er «framavla» for bondeyrket, og han ser det som svært meiningsfylt å produsere mat. Han fortel vidare at han hadde kjøpt seg ein gard om han ikkje hadde fått ta over heimgarden. Datamaskinar og papir er ikkje for meg, seier Pål. Det er sikkert mange som lurar på om eg er heilt rett som seier opp ein fast jobb for å begynne som gardbrukar, men det er dette eg vil! Nå har han inne ein søknad om å få bygge om siloane til fjøs og etterkvart ser han for seg mange ulike prosjekt på garden og på setra i Tundradalen. Han hugsar enda korleis bestemor, Lina, ysta både kvit og raud ost. Kanskje kan han gjere noko ut av denne kunnskapen på sikt. Det fine med bondeyrket er at ein aldri blir arbeidsledig.

Far Ivar, er glad for at nokon ville ta over garden og føre livsverket vidare. Han er budeie i Tundradalen om sommaren, og tek gjerne eit og anna fjøsstell, men seier at det er godt å sleppe ansvaret det er å drive ein gard. Vi ønskjer Pål lykke til vidare som gardbrukar og prisar oss lukkelege over at det framleis finst nokon som ser bondeyrket som ein leveveg. Måtte rammevilkåra bli slike at det er leveleg å vera geite- og kubonde også i framtida.